Edward Vernon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Vernon

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 12. november 1684
Westminster
Død

30. oktober 1757 (72 år)
Nacton

Yrke offiser, politikar
Språk engelsk
Far James Vernon
Mor Mary Buck
Edward Vernon på Commons

Edward Vernon («Old Grogg») (12. november 168430. oktober 1757) var ein britisk admiral. Vernon vart fødd i Westminster i London som den andre sonen til James Vernon, statssekretær for Vilhelm III av England. Etter å ha sluttført studiane sine ved Westminster School gjekk Vernon i år 1700 inn i Royal Navy som frivillig på skipet HMS «Shrewsbury».

Han tente på forskjellige skip dei neste fem åra og vart løytnant i 1702. I 1706 vart han kaptein på HMS «Rye», som ein del av flåten til Cloudesley Shovell. I mai 1728 gjekk han i parlamentet og var til stades her då Robert Jenkins fortalt om hendinga der han visstnok skal ha fått øyra sitt avskoren av den spanske kystvakta i Karibia. Dette førte til krigen om øyra til Jenkins i 1739 der viseadmiral Vernon førte ein flåte i lag med generalmajor Thomas Wentworth. Vernon erobra Porto Bello, ein spansk koloniby, men klarte ikkje å ta Cartagena de Indias i 1741, som enda i katastrofe. Det godt forsvarte festninga i Cartagena, dårleg vêr og sjukdom hos mannskapet førte til store britiske tap og dei måtte til slutt trekke seg tilbake til Jamaica. Etter fleire sjukdomsutbrot og krangling med Wentworth reiste Vernon tilbake til Storbritannia og vart vald som parlamentsmedlem for Ipswich. Nyhendene om Cartagena førte etter kvart til at regjeringa til Robert Walpole måtte gå av. Vernon vart verande i marinen i fire år til, før han pensjonerte seg i 1746.

Grogg[endre | endre wikiteksten]

Vernon er mest kjend for ordren han gav i 1740 om at romen til mannskapet skulle vatnast ut. Sidan vatnet var dårleg putta han òg ein dagleg dose sitronsaft opp i drykken, og sjølv om Vernon ikkje var klar over det på denne tida førte denne daglege dosen med C-vitamin til at sjømennene hans var friskare enn andre sjømenn, og hadde mindre tilfelle av t.d. skjørbuk. Resten av Royal Navy (den britiske marinen) følgde raskt opp, og skal då ha kalla den nye drykken for «grog» etter kallenamnet til Vernon, «Old Grog». Dette namnet skal han ha fått fordi han vanlegvis gjekk i ein frakk av stoffet grogram.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [Pack, James. Nelson's Blood: The Story of Naval Rum. Naval Institute Press. Annapolis:1982, chapter 1 "Old Grogram" s.1-18]