Edwin van der Sar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edwin van der Sar.JPG

Edwin van der Sar (f. 29. oktober 1970 i Voorhout i Nederland) er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar. Han spelte for Manchester United i England til han la opp i 2011. Van der Sar har tidlegare spelt for Ajax Amsterdam, Juventus og Fulham F.C.. Han har spelt 130 landskampar for Nederland. Det er rekord. Van der Sar vart seriemeister i Nederland fire gonger med Ajax, og i England fire gonger med Manchester United. Han vann òg den europeiske Meisterligaen éin gong med Ajax og éin gong med Manchester United.