Effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I fysikken er effekt (symbol: P) definert som mengda arbeid utført per tidseining. Effekt vert målt i den SI-avleia eininga watt med symbol W. Éin watt svarar til å omsetje eller forbruke éin joule per sekund.

Medan watt uttrykker arbeid per sekund, uttrykker kWh/h arbeid per time, eit uttrykk som vert nytta innan energiproduksjon.

Sidan éin joule svarar til eit arbeid lik det å skyve med ei kraft av 1 Newton over ein avstand av 1 meter, vil ein effekt på 1 watt kunne skuva ein lekam med ei kraft av 1 Newton med ein snøggleik på 1 meter per sekund. Dette svarar til å heise ca. 102 gram 1 meter oppover per sekund ved jordoverflata.

Ei eldre måleining for effekt som framleis er i bruk er hestekraft, som er lik 735,49875 watt, eller å heise 75 kg ein meter opp per sekund. Ein kW tilsvarar 1,36 hestekraft.

Samanhengen mellom fysiske parametrar[endre | endre wikiteksten]

Turtal og dreiemoment[endre | endre wikiteksten]

Samanhengen mellom effekt, turtal og dreiemoment er gjeven ved:

der

er effekten
er dreiemoment i Newtonmeter og
er omdreiingsfarten i radianar per sekund.

Ei omdreiing er 2 radianar. Har ein til dømes gjeve at ein motor yter 100 Nm ved 6000 omdreiingar per minutt er effekten såleis

100 (6000/60)( = ca 63 Kilowatt

Kraft og snøggleik[endre | endre wikiteksten]

Samanhengen mellom effekt, kraft og snøggleik er gjeven ved:

der

er snøggleik i meter per sekund og
er kraft i Newton.

Visst ein skyv ein kjelke avgarde med ei kraft på 10 Newton med ein snøggleik på 2 meter per sekund yter ein ein effekt på 20 Watt. Føresetnaden her er at retninga på krafta ein skyv med er den same retninga som snøggleiken.

Arbeid og tid[endre | endre wikiteksten]

Samanhengen mellom effekt, arbeid og tid er gitt ved

der

er arbeid målt i Joule
er tid i sekunder.

Dersom ein har utført eit arbeid på 20 Joule i løpet av 4 sekund har ein hatt ein gjennomsnittleg effekt på 5 Watt over dei 4 sekunda.

Elektrisk effekt[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk effekt som vert omsett i ein komponent er gitt ved formelen:

der

er effekten, målt i watt
er spenninga (eller spenningsfallet) over komponenten, målt i volt
er straumen, målt i ampere

Dersom ein forbruker 10 ampere (A) over eit spenningsfall på 230 volt er effekten 2 300 Watt. Når ein arbeider med vekselspenning og vekselstraum er effekta lik produktet av effektivverdiane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]