Efjordbruene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjerringvikstraumen bru

Typegruppe av bruer
StadNarvik
Opna14. september 1969
StrekningEuropaveg 6 i Noreg
Største spenn200 m
KryssarKjerringvikstraumen
Utforminghengebru
Kart
Efjordbruene
68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E / 68.29324; 16.48687

Efjordbruene er tre bruer som kryssar Efjorden i Narvik kommune i Nordland. Bruene vart opna 14. september 1969, og er del av europaveg 6. Brusambandet erstatta ferjesambandet mellom Forså og Sætran, som hadde vore i drift sidan 1941.

Efjordbruene og vegen mellom Sætran og Forså er foreslege verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[1]

Kjerringvikstraumen bru[endre | endre wikiteksten]

Kjerringvikstraumen bru er den nordlegaste av dei tre bruene. Ho er ei hengebru med total lengd 551 meter, lengste spenn 200 meter og seglingshøgde 18 meter. Brua har 15 spenn. Brua kryssar Kjerringvikstraumen mellom fastlandet og Storøya. Denne brua er særmerkt ved at ho har berre eitt tårn, midt på brua.

Mellastraumen bru[endre | endre wikiteksten]

Mellastraumen bru
Typegruppe av bruer
StadNarvik
Opna14. september 1969
StrekningEuropaveg 6 i Noreg
KryssarMellastraumen
Utformingbogebru
Kart
Efjordbruene
68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E / 68.29324; 16.48687

Mellastraumen bru er ei bogebru med lengde 143 meter og seglingshøgd 15 meter. Brua kryssar Mellastraumen mellom Storøya og Hallvardøya.

Sørstraumen bru[endre | endre wikiteksten]

Sørstraumen bru
Typegruppe av bruer
StadNarvik
Opna14. september 1969
StrekningEuropaveg 6 i Noreg
KryssarSørstraumen
Utformingbjelkebru
Kart
Efjordbruene
68°17′36″N 16°29′13″E / 68.29324°N 16.48687°E / 68.29324; 16.48687

Sørstraumen bru er den sørlegaste av bruene. Ho er ei bjelkebru med lengde 162 meter og seglingshøgde 2 meter. Brua kryssar Sørstraumen mellom Hallvardøya og fastlandet. Sørstraumen bru i Efjord må ikkje forvekslast med brua med same namn som kryssar Kvænangen i Troms.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]