Efjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Efjorden

Efjorden (samisk Áhtávuodna) er ein fjord i tidlegare Ballangen kommune, no Narvik i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 32 km søraustover.

Fjorden har innløp mellom Skarstad i nord og Valle i sør, like aust for Barøya. Austover frå Skarstad går Ofotfjorden. Den ytre delen av Efjorden er markert med mange bukter, viker og småøyer. Straumsøya ligg midt i innløpet og sør for denne ligg Vallebukta. Litt lenger inn ligg Langvågpollen på nordsida og her finn ein grenda Kobbvika. Sør for Langvågpollen ligg Teppkilen. Lenger inn i fjorden ligg dei to øyane Storøya og Hallvardøya. Her kryssar E6 fjorden via Efjordbruene.

Innfor Efjordbruene vert fjorden breiare før han smalnar inn igjen lenger søraust. Denne breie delen av fjorden vert kalla Forsahavet. E6 går langs nordsida av Forsahavet, og frå her og innover har fjorden langt jamnare fjordsider. Riksveg 827 går langs vestsida frå Efjordbruene og sørover til Kistbotn. Det siste stykket inn til botn av fjorden er utan vegsamband og har berre spreidde gardsbruk langs fjordsidene.

I tillegg til dei to nemnde vegane går Fylkesveg 741 nordover langs nordsida av fjorden frå E6.