Efterretninger og Opmuntringer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Efterretninger og Opmuntringer angaaende de nærværende Krigsbegivenheder, ofte berre omtala som Efterretninger og Opmuntringer, var ei norsk avis som kom ut mellom midten av august og slutten av desember 1807. Redaktør for avisa var boktrykkaren Niels Wulfsberg. Utgangspunktet for utgivinga var at avisforesendingane frå København svikta ved den britiske blokaden av Noreg i samband med napoleonskrigane.

Efterretninger og Opmuntringer hadde ikkje annonsar som sin hovudgeskjeft, til forskjell frå dei andre avisene på si tid, her var det nyhenda som stod i sentrum. Wulfsberg fann mellom anna stoff til avisa i private brev og utanlandske publikasjonar som sneik seg unna blokaden. Intensjonen bak avisa var å gi ut eit blad som skulle «afhandle politiske, moralske, oekonomiske, artistiske Materier», ifølgje Wulfsberg sjølv. Dette skulle likevel skje innanfor «vor Trykkefriheds Grændser», og for å vekkja minst mogleg uvilje hos regimet omtala Wulfsberg seg sjølv som «en Ven af Politie og god Orden», altså ein som fullt ut respekterte lovar og styresmakt.[1] Innhaldet i avisa var heller ikkje kritisk overfor regimet, men inneheldt heller mykje kritikk av Storbritannia, den nyvunne fienden til Danmark-Noreg. Noko dristig var det likevel då avisa prenta eit «Forslag til en Deposito-Casse», som tok til orde for å oppretta ein eigen norsk kredittinstitusjon, då det ikkje var råd å få pengar frå København, og det var «allerede megen Pengemangel blandt de Handlende».[2] Slike særnorske institusjonar var uønskte frå sentralmaktene si side, og ein såg ikkje med velvilje på dei som argumenterte for slikt. Episoden ser derimot ikkje ut til å ha vorte følgd opp av myndigheitene.

Etter eit halvt år og 43 nummer gjekk avisa inn, og Wulfsberg byrja like etter å gi ut avisa Tiden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Efterretninger og Opmuntringer angaaende de nærværende Krigsbegivenheder, 28. november 1807.
  2. Efterretninger og Opmuntringer, 4. september 1807.