Eger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eger er òg tyske namn for Cheb og elva Ohře i Tsjekkia
Eger
Dobó-plassen og slottet i Eger.
Dobó-plassen og slottet i Eger.
Plassering
Eger is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Nord-Ungarn
Heves fylke
Geografi
Flatevidd
 - By

92,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

56 317
  610/km²
Koordinatar 47°54′00″N 20°22′00″EKoordinatar: 47°54′00″N 20°22′00″E
Høgd over havet 180 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3300
Telefon-retningsnummer 36
Heimeside: www.eger.hu


Eger er ein by nord i Ungarn, aust for Matrafjella, som er hovudstad i fylket Heves. Byen er kjend for slottet sitt, varme kjelder, historiske bygningar som den nordlegaste tyrkiske minareten, og som senter for ungarsk raudvin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eger har vore busett sidan steinalderen. Tidleg i mellomalderen var området busett av tyskarar, avarar og slaviske stammer. Ungararane kom til området på 900-talet. Stefan av Ungarn (997–1038), den første kristne kongen av Ungarn, grunnla eit bispedøme i Eger. Den første domkyrkja i Eger vart bygd ved sida av slottet i Eger. Eger vart bygd rundt den tidlegare domkyrkja og har vore eit viktig religiøst senter i Ungarn sidan han vart grunnlagd.

1300- til 1500-talet var ei tid i framgang for Eger. Dyrking av vindruer, som har gjort byen kjend, byrja å verte viktig på denne tida.

Det osmanske riket erobra delar av Ungarn vart Eger ein viktig grensefestning. Omleiringa av Eger i 1552 vart mirakuløst vunne av dei ungarske styrkane, som vart sterkt i undertal. Mindre enn 2 000 ungarske soldatar, inkludert kvinner og born, under kaptein István Dobó sin kommando, klarte å stå imot den tyrkiske hæren på 80 000 mann. Dei fleste ungararane kjenner soga om omleireinga frå romanen «Eger sine stjerner» (ungarsk Egri csillagok) av den ungarske forfattaren Gárdonyi Géza på 1800-talet.

I 1596 gjekk ein større tyskisk hær til åtak på Eger og tok borga etter ei kort omleiring. Eger var under osmansk styre i 91 år og vart hovudstaden i ein osmansk vilayet (administrativ inndeling). Tyrkarane gjorde kyrkjene om til moskear, bygde om borga og bygde andre bygd som offentlege bad og minaretar.

Etter at tyrkarane ikkje klarte å erobra Wien, klarte habsburgarane, som kontrollerte resten av Ungarn, å drive tyrkarane ut av landet. Den kristne hæren leia av Karl IV av Lorraine okkuperte slotet i Buda i 1686 og fekk borga i Eger til å overgje seg ved å svelte dei ut i 1687.

Eger byrja så å bløme igjen. Biskopane tok tilbake byen og mange protestantar flytta. Under sjølvstendekrigen mot Habsburg i 1703-1711 støtta byen den ungarske leiaren prins Frans II Rákóczi, men keisardømet klarte å slå ungararane og kort tid etter vart Eger råka av ein pest.

1800-talet starta med katastrofar. Ein brann øydela halve byen i 1800 og den sørlege veggen av borga kollapsa i 1801. Eger vart eit erkebispesete i 1804. Erkebiskopen hadde streng kontroll over byen trass i at innbyggjarane kjempa for større fridom. I 1827 råka ein ny brann byen og fire år seinare tok ein epidemi livet av meir enn 200 menneske.

Innbyggjarane i Eger tok aktivt del i den ungarske revolusjonen i 1848. Sjølv om revolusjonen vart stoppa, klarte Eger å kome seg fri frå erkebiskopen sitt styre i 1854.

Etter den første verdskrigen byrja byen å gradvis kome seg økonomisk. Gárdonyi sin roman «Eger sine stjerner» førte til at Eger vart eit populært turistmål og ein byrja arkeologiske utgravingar av borga.

I dag er Eger ein velståande by og ein populær turistdestinasjon med eit sjarmerande sentrum i barokk stil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eger

Kjelde[endre | endre wikiteksten]