Egersund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egersund
stad
Egersund, utsikt frå Varberg.
Foto: Jon Magne Bøe
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Eigersund
Areal 6,62 km²
Folketal 11 629  (2023)
Folketettleik 1 757 / km²
Postnummer 4370 EGERSUND
Preposisjon i Egersund
Kart
Egersund
58°27′00″N 6°00′24″E / 58.45°N 6.0066666666667°E / 58.45; 6.0066666666667
Wikimedia Commons: Egersund

Egersund er ein by på det norske Sørvestlandet, i Rogaland fylke, med 11 629 innbyggjarar per 1. januar 2023. Egersund vart ladestad 1798, og frå 1965 er han sentralstad i Eigersund kommune.

Byen var før kjend for fajansefabrikken Egersunds Fayancefabrik, som vart etablert i 1847 og lagd ned 1979. Byen ligg ved sjøen og har mykje verksemd knytt til hamna, mellom anna fiskeri, og dei siste tiåra har verksemd knytt til oljeutvinninga i Nordsjøen vorte ein viktig del av næringslivet.

Egersund har ein jarnvegsstasjon, slik er byen knytt til Jærbanen og Sørlandsbanen.

«Okka by»[endre | endre wikiteksten]

På folkemunne vert Egersund kalla «Okka by». Nemninga kjem av at det lokale talemålet merkjer seg ut med at ein seier «okka» i staden for «vår». «Okka by» tyder altså «vår by». Kommunen brukar nokre gonger slagordet «Okka by e dokka by».

Namn og symbol[endre | endre wikiteksten]

Namna «Eigersund» og «Egersund» har utgangspunkt i det norrøne/gamalnorske namnet «Eikundarsund». «Eikund» tyder 'øya som er rik på eik', altså Eigerøy. Endinga «sund» syner til skipsleia mellom fastlandet og øya. Området har hatt mykje eikeskog, og eit eikeblad har og vorte valt som kommunevåpen.

Egersund i Dalane[endre | endre wikiteksten]

Egersund ligg i Dalane-regionen sør i Rogaland, sør for Jæren. På mange vis er Egersund by ein slags «hovudstad» i Dalane. Dalane omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund og Sokndal. Avisa Dalane Tidende har hovudkontoret sitt i Egersund. Dalane folkemuseum har to avdelingar i Egersund. Ei avdeling er Egersund Fayancemuseum, medan hovudutstillinga er eit folkemuseum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Egersund