Eggedosis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein bruker ofte hjulvisp til å laga eggedosis.

Eggedosis er ein matrett laga av sukker og egg som vert piska til ein luftig krem som kan smakast til med til dømes vaniljesukker eller kakaopulver eller etast med bær. Det er særleg vanleg å servera eggedosis på den norske nasjonaldagen, 17. mai.

I fromage, isparfait og kaker som sukkerbrød og liknande er eggedosis ein av dei viktigaste ingrediensane.

Eggedosis er ulovleg å selja i mange land, på grunn av fare for salmonella og andre smittefarer i rå egg.