Egil Danielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egil Danielsen (fødd 9. november 1933 på Hamar) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar, medlem av Hamar IL. Han vart olympiameister i spydkast i 1956. Han er 182 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 88 kg.

Allereie før han fylte 17 år vann han bronsemedaljen i spydkast under noregsmeisterskapen i 1950. To år seinare vart det sølvmedalje, medan han deretter vart noregsmeister i spydkast fem år på rad (1953-57). I europameisterskapen 1954 kom han på 10. plass med eit kast på 67,78 m.

Endå om Danielsen i 1956-sesongen hadde flest kast over 80 m, var den regjerande europameisteren Janusz Sidło frå Polen storfavoritt til OL-gullet i spydkast-tevlinga under Sommar-OL 1956 i Melbourne, den 26. november. Etter tredje omgangen leia Sidlo med eit kast på 79,98 m. Danielsen hadde eit bestekast frå første omgangen på 72,60 m. I fjerde omgangen smelte han til med eit kast på 85,71 m, ny verdsrekord. Dermed vart han olympiameister med stor margin til andremann. Kasteserien hans i tevlinga var 72,60 - 68,49 - 70,75 - 85,71 - 72,60 - 68,86. Utan kjempekastet hadde han hamna på sjetteplass. Etter OL i 1956 fekk Danielsen Fearnleys olympiske ærespris og Morgenbladets Gullmedalje.

Både i 1956 og 1957 presterte han dei lengste spydkasta i verda. Første året med verdsrekordkastet i Melbourne, og i 1957 med eit kast på 84,00 m. I 1958 hadde han 82,49 m som årsbeste, einast ein mann i verda kasta lengre. Berre i desse tre åra kasta Danielsen over 80 m. Ved europameisterskapen 1958 fekk han sølvmedaljen med eit kast på 78,27 m, bak nemnde Sidło.

I 1959 kasta han sitt lengste kast i noko NM, 75,98 m. Likevel vart det sølv, bak Willy Rasmussen. Året etter vart det ikkje medalje i NM, men han fekk billett til OL i Roma. Ved dei olympiske sommarleikane 1960 kasta han 72,93 i kvalifiseringa. Og var med det 17. beste resultatet utslått.

Danielsen er heidra med ein statue utanfor skeisehallen Vikingskipet på Hamar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]