Egil Lillestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Lillestøl

FøddEgil Sigurd Lillestøl
19. mars 1938
Bergen
Død27. september 2021
Valence
NasjonalitetNoreg
Områdepartikkelfysikk
Yrkefysikar, professor
Alma materUniversitetet i Bergen
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Egil Sigurd Lillestøl (19. mars 193827. september 2021) var ein norsk fysikar.

Lillestøl vart professor på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 1984. Han arbeida mykje med å popularisere fysikkforsking, særleg for ungdom. Han oppheldt seg ved CERN i Sveits kvart vårsemester der han var ansvarleg for den europeiske og for den latinamerikanske skule i partikkelfysikk. Lillestøl var i seinare år opptatt av globale energispørsmål og ei mogeleg løysing på dei globale energiproblema i form av ein akseleratordriven kjernereaktor basert på thorium. Lillestøl tok til orde for å etablere bruk av atomkraft for å løyse den internasjonale energikrisa,[1] og særleg gjekk han inn for at Noreg skulle bygge ein prototype på ein thoriumreaktor.[2][3] Han hadde og forskingsopphald ved College de France i Paris og DESY i Tyskland.

Han dreiv mykje med populariseringsarbeid i form av radio- og fjernsynsprogram, avisartiklar og foredrag. Han var med å skreiv den populærvitskapelege boka The Search for Infinity (1994, norsk omsetjing, Ferden mot det uendelige, 1995).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris for «formidling av grunnleggande fysikk til skuleelevar og publikum».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. november 2006, henta 15. august 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. juli 2007, henta 15. august 2012 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. september 2011, henta 15. august 2012 
  4. «Noregs forskingsråds prisar: prisvinnarar». Forskningsrådet. 9. juli 2009. Henta 16. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]