Egil Vendilkråke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egil Vendilkråke var ein konge av Ynglingeætta, far til Ottar Vendilkråke og son av Aun den gamle. Namnet "Vendilkråke" er sett på Egil av Are Frode, medan Ynglingesoga berre kjenner til at sonen Ottar har bore namnet. Etter Are skulle Vendil vise til ein stad i Uppland i Sverige, der Ynglingekongane er hauglagde.

Det angelsaksiske kvædet Béowulf har ein hovding ved namn Ongentheow på same stad som Egil i ættelina over skilvingane/ynglingane. Dette har ført til ei drøfting av om desse to i røynda er same mannen, sjølv om grunnforteljingane er noko ulike. Prova for likskap finst i tolkinga av Ynglingatal, som moglegvis er tolka gale av nordmenn og islendingar, på grunnlag av austnordisk (svensk) norrøn dikting. Egil er den einaste i diktet som har nemninga "Skilving" knytt til seg.

Ynglingesoga[endre | endre wikiteksten]

Etter islandske kjelder laut Egil vinne attende makta frå trælen Tunne eller Tonne, som hadde rådd i staden til faren Aun, som døydde medan Egil framleis var liten. Tunne hadde vore skattmeister hjå Aun, og rømde unna med ei mengd skattar og lausøyre. Då Egil vart konge, vart Tunne sett mellom trælane, og dette lika han dårleg, rømde, og vart teken til hovding. Tunne og mennane hans dreiv med røvarferder etter dette, og herja bygdene. Egil laut gå mot Tunne i ei rekkje slag, men det tok tid før han vann. Snorre fortel at dei heldt åtte slag seg imellom, og Tunne vann dei alle. Då rømde Egil til Danmark, og bad om hjelp hjå kong Frode den frøkne. Saman greidde desse å vinne over Tunne, men sidan sende Egil mange gåver til Frode kvart år. Egil vart drepen av ein gra-okse som vart mannevond, og då Egil ville veide han, sette stuten horna i han og drap han. Det vart banen hans.

Tjodolv frå Kvine fortel det slik:

Og den lovsæle laut
or lande røma,
son hans Ty,
for Tunne den mektuge.
Men jotuns øyken
på Egil farga
blanke panne-sverd
av blode raudt,
uksen, som hadde
aust i skogen
hovude lengi
høgt bori;
men hovud-sverde
slire-laust
skilvings-sonen
stod til hjarta.

Ongentheow[endre | endre wikiteksten]

Ongentheow er far til Onela (Åle) og Ohthere (Ottar). Hædcyn, kongen over gautane, gjer hemntog mot sveane, og dronninga til Ongentheow vert teken til fange. Ongentheow reiser ut og vinn dronniga att. Hædcyn vert drepen. Så held han gautane innestengde i Hræfnawuwu (ramnholtet), og trugar dei på livet. Bror av Hædcyn, Hygelac, kjem til med ein annan hær, og gautane kjem unna. Sveane dreg seg unna, og Ongentheow vert såra av Wulf, son av Wonred, men Wulf vert sjølv slegen ned. Eofor, bror av Wulf, hemner han, drep Ongentheow og tek hærbunad og våpen attende til Hygelac. Wulf overlever åtaket, og Eofor vert gift med dotter til Hygelac.

Samanstilling[endre | endre wikiteksten]

Ordet farra, som finst i den norrøne originalteksta, tykkjest vera tolka ulikt på svensk og vestnordisk. På gamal austnordisk tydde farra villsvin, ikkje okse. Dette høver godt med namnet Eofor, som og tyder villsvin på gamalengelsk. At Egil/Ongentheow då er drepen av "hoggtennene til svinet" (en flæming farra trjónu), i staden for horna til oksen, kan vera ein språkleg bilete på korleis Eofor drap Ongentheow. Trjonu tyder tryne, og flæming kan tyde eit sverd, altså: "Sverdet frå svinetrynet". Dei språklege bileta i kvadet er sidan mistydd av norske og islandske skaldar på grunn av dialektale skilnader (engelsk Wikipedia).