Egretthegre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Egretthegre

Status i verda: LC Livskraftig

Egretthegre utanom hekkesesongen, bilete frå Vest-Bengal, IndiaFoto: J.M.Garg
Egretthegre utanom hekkesesongen, bilete frå Vest-Bengal, India
Foto: J.M.Garg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Pelecaniformes
Familie: Ardeidae
Slekt: Ardea
Art: A. alba
Vitskapleg namn
Ardea alba

Egretthegre (Ardea alba) er ein vassfugl i hegrefamilien og er ein stor og vidt distribuert hegre. Jamvel om han er spreidd over dei fleste av dei tropiske og varmare tempererte områda av verda, lever egretthegren i avgrensa område i Sør-Europa. I Amerika er han langt meir utbreidd, og er allstadsnærverande over solbeltet i USA og i regnskogen i Sør-Amerika. I Karibia blir egretthegren nokre gonger forveksla med den store kvite morfen av den nært nærskyldte herodiashegre, Ardea herodias.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Egretthegren er ein særs stor hegre med heilkvit fjørdrakt. Oppreist er han opp til 1 m høg, denne arten har ei kroppslengd på 85 til 100 cm og har eit vengespenn på 143-169 cm.[1] Kroppsmassen kan variere frå 700 til 1500 gram, med eit gjennomsnitt på rundt 1000 g.[2] Han er såleis berre litt mindre enn herodiashegren og gråhegren, A. cinerea. Kjønna er like i utsjånad, juvenilar ser ut som ikkje-hekkande vaksne. Bortsett frå med storleiken, kan egretthegren skiljast frå andre kvite hegrar med det gule nebbet og svarte bein og føter, sjølv om nebbet kan bli mørkare og legga kan bli lysare i hekkesesongen. I hekkedrakt har dei delikate, dekorative fjører på ryggen. Den mykje liknande, men mindre duskhegre, Mesophoyx intermedia, skil seg ved at gapet strekkjer seg berre til like bak auget. Gapet til egretthegren går lengre bak auget.

Egretthegren er ein vanleg art, vanlegvis lett å oppdage innanfor utbreiingsområdet. Som andre hegrar flyg han med langsame vengeslag og halsen trekt inn. Normalt er ikkje dette ein vokal fugl, men i hekkekoloniane læt dei ofte eit tørt, grovt og rullande «kr`r`r`rah».[1]

Økologi og status[endre | endre wikiteksten]

Egretthegren er ein delvis trekkfugl, på den nordlege halvkula trekkjer fuglar sørover og bort frå område med kaldare vintrar. Han hekkar i koloniar i tre nær store innsjøar med sivsenger eller andre omfattande våtmarker. Reiret er klumpete, og lagd av trepinnar.

Egretthegren er generelt ein svært vellykka art med eit stor og veksande utbreiing. I Nord-Amerika vart ei stor mengd egretthegrar drepne rundt slutten av det 1800-talet, fjørene deira blei brukte til å dekorere hattar. Populasjonen har seinare auka igjen som følgje av bevaringstiltak. Utbreiinga er utvida så langt nord som til det sørlege Canada. Men i einskilde delar av det sørlege USA har bestanden falle på grunn av habitattap. Likevel tilpassar han seg godt til menneskeleg busetjing og lett kan sjåast nær våtmarker og vassområde i urbane område.

I Europa har egretthegren små lokale populasjonar, mest i søraust,[1] men arten har spreidd seg nordover så langt som til Nederland, og einskilde fuglar vitjar Noreg årleg.[3]

Egretthegrar beitar på grunt vatn eller i tørrare habitat, og tar hovudsakleg fisk, froskar, små pattedyr, og nokre gonger små krypdyr og insekt. For det meste spiddar dei byttet med det lange, skarpe nebbet. Ofte vil dei vente urørleg på byttedyr, eller dei kan følgje sakte etter til dei spiddar det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  3. Tor Audun Olsen et al. «Sjeldne fugler i Norge i 2008 - Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF)». Ornis Norvegica 33: 4-48: 11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Egretthegre