Egypt under ptolemearane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Egypt under ptolemearane viser til perioden mellom 332 f.Kr. og 30 f.Kr., då hellenske herskarar regjerte i Egypt. Aleksander den store hadde erobra Egypt i 332 f.Kr., og ein av generalane hans, Ptolemaios, fekk tittelen satrap i Egypt etter Aleksander sin død i 323 f.Kr. I 305 f.Kr. utropte han seg sjølv til kong Ptolemaios I, seinare kjend som «Soter» (frelsar), og etterkommarane hans er kjende som ptolemearane.

Egyptarane aksepterte ptolemearane som etterfølgjarar av faraoane av eit sjølvstendig Egypt. Ptolemaios sin familie herska over Egypt fram til romarane erobra landet i 30 f.Kr. Hellenismen, med gresk språk og kultur, hadde stor innverknad i Egypt i denne perioden.

Situasjonen i 323 f.Kr. ██ Kongeriket til Ptolemaios I Soter Andre tidlegare delar av Aleksander den store sitt rike ██ Kongeriket til Kassander ██ Kongeriket til Lysimakos ██ Kongeriket til Selevkos ██ Epirus Andre rike ██ Kartago ██ Rome ██ Greske koloniar
Ptolemaios I Soter

Ptolemear-herskarar og ektefeller[endre | endre wikiteksten]

Fleire av kongane delte makta med konene sine, som ofte også var systrene. Fleire dronningar herska over Egypt sjølv, den mest berømte av dei var Kleopatra VII (5130 f.Kr.).


Regjeringstid Herskar Ektefelle Anna
305282 f.Kr. Ptolemaios I Soter Eurydike, sidan Berenike I
284246 f.Kr. Ptolemaios II Filadelfos Arsinoe I, sidan Arsinoe II Filadelfos Herska saman med Ptolemaios Sønnen (267259 f.Kr.)
246222 f.Kr. Ptolemaios III Euergetes I Berenike II
222204 f.Kr. Ptolemaios IV Filopator Arsinoe III
204180 f.Kr. Ptolemaios V Epifanes Kleopatra I
180164 f.Kr., 162145 f.Kr. Ptolemaios VI Filometor Kleopatra II
Ptolemaios VII Neos Filopator Herska aldri
170163 f.Kr., 145116 f.Kr. Ptolemaios VIIIEuergetes II (Fyskon) Kleopatra II, sidan Kleopatra III
132124 f.Kr. Kleopatra II Filometora Soteira I opposisjon til Ptolemaios VIII
116107 f.Kr., 8881 f.Kr. Ptolemaios IX Filometor Soter II (Lathyros) Kleopatra IV, Kleopatra Selene Herska saman med Kleopatra III i første regjeringsperioden hans.
10788 f.Kr. Ptolemaios X Aleksander I Kleopatra Selene, Berenike III Herska saman med Kleopatra III fram til 101 f.Kr.
8180 f.Kr. Berenike III Filopator
80 f.Kr. Ptolemaios XI Alexander II Berenike III Herska saman med Berenike III, sidan åleine i 18/19 dagar.
8058 f.Kr., 5551 f.Kr. Ptolemaios XII Neos Dionysos (Auletes) Kleopatra V Ekteparet var likestilte herskarar
5857 f.Kr. Kleopatra V Tryfaena Herska saman med Berenike IV Epifaneia (5855 f.Kr.)
5130 f.Kr. Kleopatra VII Hersket sammen med Ptolemaios XIII (5147 f.Kr.)
4847 f.Kr. Arsinoe IV I opposisjon til Kleopatra VII
4744 f.Kr. Ptolemaios XIV Saman med Kleopatra VII
4430 f.Kr. Ptolemaios XV Cæsarion Saman med Kleopatra VII