Egyptisk historie frå 1805 til 1882

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Egyptisk historie frå 1805 til 1882 er avgrensa av at Muhammad Ali tok makta i Egypt i 1805, og at britane tok kontrollen over landet i 1882.

Perioden baud på storstilt modernisering og gigantiske reformforsøk. I spissen for desse prosessane er dei egyptiske visekongane, khedivane. Muhammad Ali, den første khediven, tok makta i 1805 og sette i gang tiltak som snart skulle gjere Egypt til ein av dei mest utvikla statane utanfor Europa. Desse programma førte og til at staten brukte mykje pengar og sette seg i stor gjeld, og den svake økonomiske situasjonen medverka til at Storbritannia til slutt okkuperte Egypt i 1882.

Muhammad Ali kjem til makta[endre | endre wikiteksten]

Muhammad Ali av Egypt måla av Auguste Couder i 1841.

Muhammad Ali var son av ein osmansk lågare offiser med albansk avstamming. og kom frå Kavála, ein liten hamneby i Makedonia. Etter ein periode som mindre vellukka handelsmann på sjøen gjekk han i sin far sine fotspor, og han kom til Egypt som nestkommandør for ein liten albansk kontingent med soldatar som skulle slåst mot Napoleon sine okkupasjonsstyrkar.[1] I Egypt kom han raskt i ein leiande posisjon i heile den albanske hæravdelinga, som fungerte som leigesoldatar for osmanarane. Frå denne posisjonen klarte Muhammad Ali å manøvrere seg fram til å bli eineherskar over Egypt gjennom eit avansert intrigespel, politisk kløkt og godt militært leiarskap. Han fekk til alliansar med kjøpmenn, religiøse leiarar og stammehøvdingar som han sidan vraka når han ikkje hadde bruk for dei lenger. Muhammad Ali stod etter kvart fram som det klaraste alternativet til kaoset som dei mange ulike mamelukk-beyane representerte, og slik fekk han folket og det islamske leiarskapet si støtte til å be sultanen i Istanbul om tittelen visekonge i 1805.[2] Den siste rest av innanlandsk opposisjon utrydda han då han inviterte 24 leiande mamelukk-beyar til middagsselskap i 1811 og massakrerte dei.[3]

Egypt sine problem på byrjinga av 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Muhammad Ali hadde heilt sidan han kom til Egypt vore imponert over dei potensielle rikdomane i landet, spesielt med tanke på jordbruksproduksjon. Samstundes fanst det tre reelle truslar mot styret hans etter at han hadde kvitta seg med mamelukk-beyane.[4] Den eine var sultanen i Istanbul, som han var formelt underlagt, og som kunne halde fram med intrigar og påfunn for å hindre Muhammad Ali i å bli for mektig. Det andre problemet hans var sviktande finansar, og det tredje var trusselen frå europeiske land, særleg Storbritannia som allereie hadde blanda seg inn i tumultane mellom 1803 og 1805 som motstandarar av Muhammad Ali.

Muhammad Alis svar på tryggleiksproblema var å skape eit sterkt militærvesen og ta i bruk dei nye militære teknikkane og taktikkane som europearane hadde vist fram. Dette er ein tankegang som ein finn igjen hos herskarane i både Persia, Tunisia og hos sultanen i Istanbul på denne tida, og kan med ei fellesnemning kallast defensive utviklingsstrategiar.[5] Det som likevel skilde Muhammad Ali frå naboherskarane og frå tallause andre oppkomlingar som har tatt makta i eit land, var at han må ha hatt ein større plan for korleis han kunne få til økonomisk utvikling for landet sitt. Han såg truleg på dette som ein altomfattande prosess der endringar i både jordbruk, industri, skattlegging, handel, utdanning og militærvesen skulle tene til eit sterkare og meir uavhengig Egypt.[6] For å kunne gjennomføre eit slikt enormt prosjekt trong Muhammad Ali ein sterk og sentralisert stat, og hans økonomiske politikk kom til å vere sterkt prega av dei merkantilistiske straumdraga som hadde vore framståande i europeisk økonomi ei stund.

Endringar i det egyptiske jordbruket[endre | endre wikiteksten]

Bomullsplante. Illustrasjon frå Egypt: Descriptive, Historical, and Picturesque (1878).

Mykje av grunnlaget for den industrielle utviklinga i Europa var auka effektivitet i jordbruket på grunn av nydyrking av land og betre dyrkingsmetodar.[7] Dette frigjorde arbeidskraft og sørgde for at det blei mogleg å fø industriarbeidarar. Dette aspektet kan ha vore i Mohammad Ali sine tankar då han beordra ei omlegging av jordbruket, men like sannsynleg er det at han i utgangspunktet var ute etter å skaffe seg enkle inntekter frå salsjordbruk. Det var særleg eksport av kveite som var den største inntektskjelda til dei egyptiske styresmaktene dei første åra som Mohammad Ali regjerte. I åra rundt 1810 var det dårlege avlingar i Europa, og den russisk-tyrkiske krigen sperra for eksport av korn frå områda rundt Svartehavet fram til 1812.[8] Dette gjorde at egyptisk korn kunne seljast til eventyrlege prisar til franskmenn og engelskmenn, og såleis skaffe Mohammad Ali den startkapitalen som var naudsynt for å gå i gang med reformplanane sine. Mykje av pengane blei og reinvestert i jordbruket.

Omlegginga i jordbruket bestod i stor grad av auka satsing på salsavlingar og store offentlege irrigasjonsprosjekt. I Øvre Egypt blei det satsa for fullt på kveiteproduksjon for eksport, medan bomullsproduksjonen fekk stadig større innpass i Nedre Egypt og delta-området. Dette hang saman med oppdaginga av ei ny type bomull som var spesielt godt egna for industriell produksjon, sidan ho hadde lange, tynne fibrar og var sterkare enn vanleg bomull. Det var ein franskmann ved namn Jumel som hadde funne denne spesielle bomullsarta, «Jumel-bomull», i ein hage i Kairo og tilpassa han til storskaladyrking.[9] Historikaren David Landes meiner at det var nettopp inntekta frå det statlege monopolet på bomullseksport som gjorde Mohammad Ali sine prosjekt moglege.[10] Andre salsavlingar som det blei satsa stort på var sukkerrøyr, indigo og ris.

Samstundes blei bøndene utskrivne for å delta i store irrigasjonsprosjekt. Dette var ikkje populært, men dei fekk faktisk betalt for arbeidet, i motsetnad til kva ein del europeiske observatørar hevda.[11] Ei mengde store og små kanalar blei gravne for å spreie det livgivande Nilvatnet utover nye område, og gamle blei oppgradert samstundes som vedlikehaldet av dei blei regulert. Det blei også bygd store basseng for å kunne samle opp flaumvatn til seinare høve, samt ein stor irrigasjons- og transportkanal som batt Alexandria saman med Nilen. Skatterekneskap viser oss at det dyrka arealet i Egypt blei auka med over 36% etter irrigasjonsprosjekta i forhold til tidlegare,[12] og produksjonen auka stort på grunn av tryggare vassforsyning gjennom heile vekstsesongen. Kornproduksjonen auka til tre-fire gonger det tidlegare nivået i løpet av 20 år.[13]

Skattesystem[endre | endre wikiteksten]

Under mamelukktida var det ei stor gruppe landeigarar kalla multazimun som var ansvarlege for skatteinnkrevjinga frå bøndene. Dei eigde eller disponerte og store landområde som var fritekne for skatt. Dei mange ulike skattane som fallahin betalte skulle ofte gjennom opptil sju-åtte ulike ledd før noko av han nådde fram til statskassa, og då skulle alle mellomledda ha sin del og gjerne litt til. Veldig mykje av inntektene seiv ut til grådige funksjonærar og lokale elitar gjennom dette systemet, og Muhammad Ali var avhengig av å sentralisere og forenkle skatteinnkrevjinga om staten skulle få utbytte av den auka produksjonen i jordbruket. Det nye systemet som blei tatt i bruk likna mykje på det som den franske guvernøren 1800-02, Abdallah Menou, hadde føreskrive. Det var framleis mange ledd med landsbysjefar, skattefutar, regionale overvakarar og liknande, men den store skilnaden var at desse no var løna av staten i staden for at dei fekk behalde det dei ikkje sende vidare. Nytt var det og at mange av dei lågare funksjonærane var etniske egyptarar, tidlegare hadde skatteinnkrevjing vore reservert den tyrkisk-kaukasiske eliten.[14]

Reforma blei gjennomført, sjølvsagt med stor motstand frå landeigarane og alle andre som nå måtte sende større del av inntektene sine vidare i systemet. Strenge fysiske straffar blei fastsette for alle, også dei oppover i administrasjonen, for å levere for lite skatt, og eit omfattande og rigid kontrollsystem blei sett i verk for å sikre at ingen stakk unna pengar.[15]

Handel og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Den store Muhammad Ali-moskèen i Kairo, bygd mellom 1820 og 1840.

Muhammad Ali heldt seg til merkantilismen sine læresetningar om at eit land burde eksportere mest mogleg og importere minst mogleg. Jordbruket skulle i utgangspunktet sørgje for det naudsynte eksportoverskotet, samstundes som ein ny industri skulle kunne erstatte varer som før hadde blitt importerte frå utlandet gjennom såkalla importsubstitusjon.

Handelen med stadig fleire vareslag blei lagt inn under statlege monopol utover Muhammad Ali si regjeringstid, og allereie frå om lag 1810 var den lukrative kornhandelen monopolisert. Bøndene fekk berre lov til å selje kornet sitt til staten, som blei den einaste kornhandlaren i Egypt. Seinare kom statlege monopol på mellom anna ris, grøne erter, sesam, indigo og bomull.[16] Nokre av monopola på etelege varer kom for å sikre forsyninga til hæren, men mesteparten av monopola kom for å sikre staten ein størst mogleg del av fortenesta frå eksport. Mykje av grunnen til at eksportmonopola på spesielt korn og bomull gav så stor forteneste kan ha vore at varene blei kjøpt opp til kunstig låge prisar og så eksportert med ein enorm eksporttoll.[17] Staten sine eksportinntekter blei tidobla i løpet av Mohammad Ali si regjeringstid frå 1805-48.[18]

Dette tok i utgangspunktet livsgrunnlaget frå den egyptiske kjøpmanns-klassen, og var ikkje spesielt populært mellom dei. Mange av desse valde likevel å gå inn i det statlege systemet for å fungere som statlege oppkjøparar eller handelsmenn, der dei kunne bidra med mykje kompetanse. Monopola blei spesielt dårleg motteke mellom dei utanlandske handelsmennene i Egypt, som nå måtte kjøpe til ein mykje stivare pris enn før, om dei i det heile tatt fekk kjøpe. Muhammad Ali satsa nemleg også på å eksportere mest mogleg via egyptiske skip, etter same merkantilistiske prinsipp som gjorde at engelskmennene innførte Navigation Act.[19]

Utanlandske observatørar rapporterte om at ferdslevegane i Egypt blei trygge under Muhammad Ali fordi hæren blei sett til å vakte vegane og elvetransporten.[20] Dette var og eit tiltak som gjorde det mogleg å få ut meir varer til eksport.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Spinnemaskin

Etter at det var blitt etablert meir statleg kontroll over jordbruksproduksjonen og monopol på eksport av råvarer hadde Muhammad Ali skaffa seg nok kapitalgrunnlag til å byrje og erstatte importerte industrivarer med egyptiskproduserte. Etter 1815 blei det i aukande tempo oppført statlege fabrikkar som skulle framstille metallprodukt, tauverk, våpen, skip, kjemikaliar, sukker, glas og ikkje minst tekstil.[21] Mykje av denne produksjonen var mynta på militære formål, og mange vil seie at det var militæret sine behov som var drivkrafta for heile den industrielle utviklinga i Egypt på denne tida. Våpen og ammunisjon blei kjøpt inn frå Europa og sidan kopiert i egyptiske fabrikkar slik at egyptarane ikkje skulle trenge å vere avhengig av europearane for å utruste armeane sine.[22] Ikkje berre var mykje av industrien konstruert for å dekke militære behov, men inntektene frå den eksportretta industrien var nok også eit ledd i den militære strategien, sidan det var bruk for desse pengane til å finansiere felttoga mot Hijjaz, Sudan, Hellas og Syria.

Det var tekstilindustrien som var leiande i dei store produksjonsomveltingane i industrien sitt heimland, England. Brennstoff til å drive dei nye maskinane fanst under jorda i Nord-England i form av kol, men bomulla som skulle spinnast og vevast i fabrikkane måtte importerast.

Også i Egypt var det bomullsindustrien som kom til å føre den industrielle utviklinga frå om lag 1815. Egyptarane hadde verdas beste bomull, særleg etter Jumel si oppdaging, som dei statlege fabrikkane kunne kjøpe opp til ein kunstig låg pris, og om det ferdige produktet var bra kunne dei gjere ein eventyrleg forteneste på det. Problemet i Egypt var mangel på fossile brennstoff. Seinare har ein funne både olje og naturgass i Egypt, men på denne tida var det berre kol som gjaldt, og det fanst ikkje i Egypt. Muhammad Ali utkommanderte mange geologar til storstilt leiting i Egypt og dei erobra områda etter kol, men utan særlege resultat.[23] Kol måtte importerast, men dette blei med tida så dyrt at det ikkje var lønsamt. Egyptiske bomullsfabrikkar blei derfor i stor grad drivne med handkraft eller med dyr som drivkraft.[24]

Før 1815 var egyptisk bomullsindustri blitt verna mot billige engelske importvarer ved hjelp av høge tollmurar. Innanfor Egypt var derfor dei egyptiske tekstila konkurransedyktige heilt frå starten av, og etter kvart som nye område blei lagt til det egyptiske «imperiet», blei dei overfløymde av billige egyptiske stoff.[25] På same måte som koloniane til dei europeiske industrilanda skulle fungere som marknad for industriprodukta, skulle dei nye erobringane til Muhammad Ali vere ein marknad for egyptiske varer, særleg bomullsstoff. Kvaliteten på dei egyptiske produkta var middels god, og toppkvalitetsstoff til luksusbruk måtte likevel framleis importerast frå utlandet.

Ein kan sjå på Muhammad Ali sitt ønske om industrialisering som eit behov for å ha fleire inntektskjelder å basere seg på. Det var risikabelt å satse for mykje på berre jordbruk, spesielt i eit land som er så avhengig av at Nilen oppfører seg ordentleg. Utvikling av industrien var ein naturleg måte å spreie den finansielle risikoen på, samstundes som importsubstitusjon passa bra inn i ein merkantilistisk økonomisk politikk og gav eit betre overskot enn berre å eksportere råvarer.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig føresetnad for industrialiseringa av Egypt var at det fanst folk med greie på teknologien som skulle bere industrien. Etter 1815 fløyma det inn mange europearar, spesielt franskmenn, som var villige til å drive med opplæring innanfor yrket sitt. Tradisjonelt har desse ofte fått æra for å ha sett i gang utviklinga i Egypt, men historikaren al-Sayyid Marsot hevdar at Muhammad Ali brukte dei berre som verktøy for å få overført kunnskapen deira til byråkratar og offiserar i Egypt.[26]

Uansett blei det sett i gang ei storstilt kampanje for opplæring innanfor mange ulike yrke. Leger, offiserar, ingeniørar og offentlege tenestemenn blei sende til Frankrike og England for å få utdanning,[27] eller blei underviste av utlendingar i Egypt. Tidlegare hadde nokre av dei tradisjonelle koranskulane gitt noko anna undervisning enn den religiøse, men i staden for å byggje ut desse skulane, satsa Muhammad Ali på eit system med sekulære skular som skulle stå for opplæringa av byråkratar og statstilsette. Dette mønsteret med to separate system kom til å danne grunnlaget for seinare skuleutbygging, og kanskje var det også med på å danne ei viss splitting av den egyptiske opinionen mellom sekulære og religiøse.

Militærvesen og ekspansjon[endre | endre wikiteksten]

Franske militæruniformar frå Napoleonskrigane

Mykje av bakgrunnen til at Muhammad Ali kunne setje i gang eit omfattande moderniseringsprosjekt i Egypt, var at den store skilnaden mellom den europeiske og den osmanske/arabiske militærmakta var blitt synleg for alle etter Napoleon sin invasjon i 1798. Utjamning av denne ulikskapen kom til å stå i sentrum for det meste han gjorde som statsleiar.[28] Dette kan ein tydeleg sjå ut ifrå at militære formål på det meste kravde 60 % av statsbudsjettet sjølv om dei fleste andre utviklingstiltaka også var finansiert via statlege middel.[29]

Tidlegare hadde hæren vore samansett av leigesoldatar, beduinar og utanlandske hæravdelingar. Det Muhammad Ali gjorde nytt var å tvangsinnskrive egyptiske bønder og sudanske slavar i hæren samstundes som det blei gjort endringar i kommandostrukturane, forfremmingsordningane og opptreningsmetodane for hæren. Desse militærreformene hadde sitt utspring i Preussen og Frankrike, men hadde spreidd seg til andre europeiske land gjennom Napoleonskrigane. Spreiinga av desse idéane vidare til Egypt var derfor ikkje heilt unaturleg.[30] Muhammad Ali hadde likevel ikkje trua på at egyptarar kunne vere anna enn meinige soldatar, og det var derfor framleis tyrkarar og andre osmanske undersåttar som fylte offisersposisjonane i den egyptiske hæren, medan franskmenn stod for opplæringa av offiserar og rekruttar.

Eit anna felt det blei satsa kraftig på var flåten. Både Napoleons invasjon i 1798 og britane sin overlegne flåtemakt etter sigeren over den franske flåten i Abuqir-bukta synte Mohammad Ali at ei sterk egyptisk flåtemakt var viktig for å kunne stå imot militært press utanfrå. I tillegg var ekspansjonsplanane hans avhengige av å kunne halde kontroll både oppover Nilen, over det austlege Middelhavet og over Raudehavet, samstundes som den merkantilistiske økonomiske politikken verka best med både sterk handels- og krigsflåte. Libanesisk tømmer og greske sjøfolk blei importerte i stor stil, og skipsbygging blei sett i gang i kystbyane.

Område under Muhammed Ali sitt styre i 1840 (skravert felt).

Ekspansjon av det egyptiske territoriet var tydelegvis ein integrert del av Mohammad Ali sin plan for Egypt. Dagens økonomar kan diskutere kor viktig ein slik ekspansjon eigentleg er for økonomisk vekst, men på 1800-talet blei nok imperiebygging og økonomisk vekst sett på som to sider av same sak. Alle dei fremste eksempla på økonomisk vekst gjennom merkantilistisk politikk hadde samstundes drive storstilt territoriell utviding, akkurat slik som alle andre «vellukka» imperium gjennom historia. Muhammad Ali sine to fremste modellar, Storbritannia og Frankrike, hadde gjort store oversjøiske erobringar og hadde byrja å snuse på nye på dette tidspunktet. Difor er det i tråd med den rådande tidsånda at Muhammad Ali planla erobring av naboområde for å sikre råvareleveransar og ein større marknad for dei nye egyptiske industrivarene. Det var i alle fall dette Muhammad Ali la fram som grunnen til erobringane.[31] I tillegg til det økonomiske aspektet kom at Egypt framleis var ein del av det smuldrande Osmanske riket, og egyptiske militære erobringar kunne kanskje få sultanen i Istanbul til å innsjå at han like gjerne kunne gi Egypt fullt sjølvstende.

Krigføring og felttog[endre | endre wikiteksten]

Egyptarar under kommando av Ibrahim under det greske frigjeringsopprøret

Sultanen i Istanbul hadde i lang tid insistert på at Muhammad Ali skulle sende ein hær til Hijaz, i dag det vestlege Saudi-Arabia, for å slå ned ein oppstand der. I 1812 sende Muhammad Ali ein hær av den gamle typen til området. Hæren blei kraftig slått, og det kan ha vore dropen som fekk han til å gjennomføre militærreformene.[32] I 1818 blei så Hijaz erobra av ein egyptisk hær av den nye sorten under kommando av Muhammad Ali sin son, Ibrahim.[33] Det neste felttoget, leia av Ismail, ein annan av khediven sine sonar, gjekk sørover mot Sudan i 1820 til 1822. Muhammad Ali skreiv i eit brev at poenget med denne erobringa var å skaffe slavar og finkjemme området for gull og mineralressursar.[34]

Slaget ved Navarino

I 1824 blei Muhammad Ali beordra av sultanen til å setje inn soldatar mot det greske frigjeringsopprøret. Han kunne ha nekta, som han ofte gjorde når han fekk ordre frå Istanbul, men truleg ønskte han seg Hellas som base for å kunne kontrollere skipstrafikken i det austre Middelhavet. Det var i alle fall eit feilsteg av han å sende hær og flåte til Hellas, sidan dei europeiske maktene gjekk inn på grekarane si side. Heile den egyptiske flåten blei knust ved Navarino utanfor Messenia, og hæren under leiing av Ibrahim blei sitjande fast i Hellas. Utgiftene til denne krigen og til å byggje flåten opp igjen etterpå blei tung å bere for den egyptiske økonomien.[35]

Men det militære eventyret som verkeleg fekk stor verknad på Muhammad Ali sine prosjekt var felttoget mot Syria. Syria var, som Egypt ein provins i det Osmanske riket, og omfatta om lag det noverande Syria, Libanon, Israel/Palestina og Jordan. Muhammad Ali hadde lenge ønska seg dette området, og han hadde bede sultanen eit utal gonger om å bli gjord til visekonge over også dette området, men blitt avslått. I 1831 kom så invasjonen av Syria, og dermed gjekk Muhammad Ali til direkte krig mot sin overherre, sultanen i Istanbul. Nok ein gong var det Ibrahim som leia soldatane, og i løpet av ti månader var heile Syria okkupert av egyptiske troppar,[36] og Ibrahim leia troppane sine vidare mot det sørlege Anatolia og ville vidare mot Istanbul, men fekk beskjed frå faren om å stoppe. Osmanarane hadde i mellomtida alliert seg med Russland, og det blei umogleg å gå til åtak på Istanbul når russiske styrkar låg i Bosporus-stredet. I 1833 blei det forhandla fram ein avtale som gav Ibrahim guvernørtittel i Anatolia, Syria og Kreta, men utan at Egypt fekk sitt etterlengta sjølvstende.[37] Herskarane i Istanbul var ikkje klare for å gi opp kontrollen over viktige område som Syria og Sør-Anatolia, og dei såg på fredsavtala som ei mellombels utsetjing av det endelege oppgjeret.

Slutten på Muhammad Ali sitt egyptiske imperium[endre | endre wikiteksten]

Britisk bombardering av Sidon i 1840

Det var ikkje berre ein enkel sak å halde kontrollen på eit imperium. Det kom militære opprør både i Hijaz, der dei religiøst motiverte Wahhabiane stod i spissen, og i Syria, der ulike etniske og religiøse grupper stadig lagde uro. Dei leiande laga mellom syrarane var vande med å få gjere som dei ville, og Muhammad Ali sine monopol på handel og industri krasja med den frie handelen dei baserte seg på.[38]

Dei europeiske handelsinteressene i Levanten auka sterkt i 1830-åra, og særleg britane fann marknad for industrivarene sine i Syria. Dette hadde samanheng med at europeiske marknader blei meir proteksjonistiske og dermed meir lukka for Storbritannia etter napoleonskrigane, og britane trong derfor nye marknader. På dette tidspunktet var også britisk utanrikspolitikk sterkt knyta i hop med økonomiske interesser, og dei britiske styresmaktene var klare for å gå til krig for å forsvare eller utvide britisk handel.[39] Gjennom heile 1800-talet såg britane på eit svakt Osmansk rike som den beste moglege okkupanten av «det nære Austen» både fordi dei frykta auka russisk ekspansjon om imperiet skulle falle saman, og fordi dei kunne skaffe seg gode handelsvilkår gjennom å presse den svake sultanen. Derfor gav britane klar beskjed om at dei kom til å støtte sultanen om det skulle oppstå konflikt mellom han og Muhammad Ali.[40]

Muhammad Ali sitt monopolsystem verka ikkje tenleg for britiske handelsinteresser, og i Balta Liman i 1838 forhandla britane fram ein avtale med det Osmanske riket som gjekk ut på at alle dei eldgamle monopola i imperiet skulle fjernast, og at både import- og eksport-tolla skulle setjast til 3 prosent. I tru på at dette skulle gå meir ut over Muhammad Ali enn styret i Istanbul gjekk sultanen med på avtalen.[41]

Osmanarane gjekk på nytt til åtak på dei egyptiske styrkane som stod i Sør-Anatolia, men egyptarane under leiing av Ibrahim vann slaget ved Nezib i juni 1839, og osmanarane kunne eigentleg ikkje stort anna enn å føye seg for egyptiske krav. Men sjølv om franskmennene støtta dei egyptiske krava om sjølvstende og territorium, var ikkje britane klare for å gi Egypt full kontroll over handelen i Levanten, samt alle dei viktigaste landrutene mellom Europa og India.[42] Særleg var britane urolege over at ei mektig egyptisk flåte saman med den franske kunne presse dei ut av Middelhavet.

Sultanen forstod snart at han hadde britane i ryggen, og sende eit ultimatum til khediven av Egypt om å trekkje seg ut frå nord-Syria og Anatolia. Muhammad Ali nekta, og ganske snart hadde britane byrja å bombardere Beirut, Sidon og Accre. Då Muhammad Ali såg dei britiske slagskipa utanfor soveromsvindauget sitt i Alexandria innsåg han nok at slaget var tapt. Han kunne ha beordra kamp til siste mann, men utan støtte frå franskmennene godtok han heller vilkåra frå Balta Liman-avtalen. I tillegg måtte Muhammad Ali akseptere at alle erobringane utanom Sudan blei tekne frå han og hæren blei avgrensa til 18 000 mann. Han oppnådde likevel at Egypt blei gjort til eit arverike for han og etterkommarane hans i ein ny avtale frå 1841.[43]

Kvifor døydde den egyptiske industrien ut?[endre | endre wikiteksten]

Utover 1840-talet forsvann stadig fleire av dei egyptiske fabrikkane, og mange vil hevde at årsaker som utanlandsk dominans, lite effektive produksjonssystem eller bindinga til prisane på bomullsvarer var vesentlege grunnar til dette.

Mykje av den gryande industrien i Egypt hadde basert seg på anten å forsyne hæren og flåten med varer eller eksportere til dei erobra områda. Sjølv om militæret hadde tatt ut ein god del av den potensielle arbeidskrafta i industrien og jordbruket, gjekk det i stor grad nedover med den egyptiske økonomien etter 1841. Bomullsindustrien måtte nå konkurrere på den opne marknaden, noko som han ikkje var heilt klar for. Eksporten av rå bomull og andre jordbruksprodukt held fram, men i eit mindre tempo enn før.[44]

Etter 1841 endra derfor den egyptiske økonomien seg til stadig meir å vere eit råvareeksporterande land, men for dei egyptiske styresmaktene var det ikkje berre problema for industrien som måtte taklast. I 1842 hadde den egyptiske utanlandsgjelda nådd svimlande 80 millionar franc, og ei serie med dårlege år i jordbruket gjorde at skatteinntektene nærast forsvann rundt 1844.[45] Såleis forsvann det økonomiske fundamentet som Muhammad Ali hadde bygd opp sine prosjekt på, og Egypt var med eitt ikkje lenger på veg mot å bli eit stabilt industriland av vestleg format. Muhammad Ali heldt fram med å investere i industrien fram til han døydde i 1849,[46] men Egypt kom frå nå av til å vere ein perifer økonomi innanfor det vesteuropeiske verdssystemet, og fungere som råvareleverandør og ferdigvareimportør. Den enorme utanlandsgjelda og Egypt si strategiske plassering blei etter kvart grunnlag for britisk politisk dominans som enda med okkupasjon av Egypt frå 1882.

I tillegg til desse årsakene er det tydeleg at Egypt viser fleire teikn på at landet ikkje var kulturelt moden for ei industriell utvikling så tidleg som 1820-talet. Industrialiseringa kom ovanifrå og møtte truleg lite forståing mellom egyptarar flest, som ikkje var utdanna til å forstå seg på alt det nye og heller ikkje var særleg interesserte i å endre på gamle sosiale strukturar. I andre tidlege industriland blei kvinnene omsynslaust utnytta ved spinnemaskinane, men i Egypt var det få som såg arbeidskapasiteten som låg i den kvinnelege halvdelen av befolkninga sjølv om arbeidskraft var mangelvare.

Mangelen på ein sjølvstendig og nyskapande entreprenørklasse gjorde saman med små sjansar for sosial mobilitet oppover sitt til at egyptarane fekk ein hang til å dyrke fortida i staden for framtida, sjølv i ein periode med rivande utvikling på mange felt. Der japanarane svarte på utfordinga frå Vesten med å setje seg sjølv i stand til å konkurrere, svarte egyptarane med å hevde moralsk, religiøs og historisk overlegenheit over Vesten.

Det var personen Muhammad Ali som var årsaka til at industriprosjektet blei sett i gang. Utan hans interesse for maskinar og makt, hans mangel på menneskelege omsyn og hans innsikt i europeiske tilhøve hadde aldri prosjektet kome i gang. Egypt sin industri var avhengig av ein opplyst tyrann, og då han døydde i 1849, døydde industrien med han. På mange måtar var det og Muhammad Ali som var hovudårsaka til at industrieventyret stoppa opp, sidan hans militære eventyr både gav britane grunn til aksjon og batt opp store ressursar som kunne blitt investert i industrien. Resultatet var ein egyptisk industri som døydde ut, og ein langvarig status som råvareleverandør, samt både politisk og økonomisk avhengig av Vesten.

Muhammad Ali sine arvtakarar[endre | endre wikiteksten]

I 1847 byrja Muhammad Ali arbeidet med å byggje ei stor bru over Nilen, men ikkje lenge etterpå byrja det tidlegare så skarpe vitet hans å svikte, og i september 1848 blei sonen Ibrahim utnemnd til å styre Egypt. Han regjerte ikkje lenger enn til november same året, då han døydde. Muhammad Ali levde i åtte månader til før han døydde den 2. august 1849.

Etter at Ibrahim døydde blei nevøen hans, Abbas I, utnemnd til etterfølgjar. Han regjerte i seks år før han blei myrda av to slavar. Hans kanskje viktigaste tiltak var å setje i gang bygginga av jernbanen mellom Kairo og Alexendria saman med britiske styresmakter.

Den neste herskaren i Egypt heitte Said Pasja, og var Muhammad Ali sin favorittson. Han hadde store planar for landet, men mangla evne til å gjennomføre ting på same måte som sin far. I 1854 gav han franskmennene konsesjon til å starte bygginga av Suezkanalen. Han gav britane lov til å drive telegrafbyrå, og til å starte opp Bank of Egypt. Han døydde i 1863, etter å ha lånt mykje pengar frå europeiske bankierar. Said blei etterfølgd av Ismail, son til Ibrahim.

Ismail si regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Suezkanalen. Teikning frå 1881.

Ismail regjerte frå 1863 til 1879, og ei stund trudde mange at han ville leie Egypt inn i ein ny og moderne epoke med naudsynte reformer og tiltak. Han byrja med å få sultanen til offisielt å godkjenne han som khediv av Egypt, for sjølv om Muhammad Ali og etterkommarane hans hadde brukt denne tittelen frå 1805, var Ismail i 1867 den første som fekk sultanen til å anerkjenne han som khediv, og ikkje berre wali, som tyder 'guvernør'.

Ismail gjenoppretta det administrasjonssystemet som Mohammad Ali hadde innført, det hadde gått i stå etter at Mohammad Ali døydde. Ismail stod og for mykje nybrottsarbeid, mellom anna etablerte han i 1865 det egyptiske postvesenet, fekk bygd nye jarnbanar, telegrafnett, fyrlykter og hamneanlegg. Men utan tvil det viktigaste var at Suezkanalen blei opna i 1869.

I byrjinga av Ismail si regjeringstid hadde landet gode inntekter frå sal av bomull, og desse pengane blei brukt til å finansiere dei store utbyggingsprosjekta, i tillegg til krigføring i Sudan og mot Etiopia. Under den Amerikanske borgarkrigen, då bomull frå Sørstatane ikkje kom ut på marknaden, steig eksportinntektene på bomull til nye høgder. Men etter at denne krigen var over, søkk prisane stort, og Ismail fekk problem med å betale for reformene og utbyggingane. Løysinga blei å presse skattenivået oppover, men etter ei stund var det ikkje meir å presse ut av dei egyptiske bøndene. I 1875 selde Egypt derfor alle aksjane i Suezkanalen til britane, og missa slik den nasjonale kontrollen over kanalen.

Det var tydeleg at Egypt var i ei skikkeleg finansiell krise, og Storbritannia fekk i 1876 utarbeida ein rapport som viste at Egypt i praksis var konkurs. Britane og franskmennene brukte denne rapporten til å presse Ismail til å overlate kontroll til europearane. Mellom anna blei khediven sine personleg finansar sett under internasjonal kontroll, det blei etablert domstolar som bestod av utanlandske dommarar og jarnbanen og hamnene blei sette under fransk/britisk kontroll. Ein brite blei sett til å ha overoppsyn med landet sine inntekter, og ein franskmann til å styre utgiftene.

Bønn i Kairo måla av Jean-Léon Gérôme i 1865.

Ismail let i byrjinga som han var nøgd med dette, og hevda at nå var ikkje Egypt lenger eit afrikansk, men eit europeisk land. Men det tok ikkje særleg lang tid før han såg kor lite makt han eigentleg hadde. Ismail sette i gang eit militært opprør i Kairo i 1879, kasta ut dei europeiske «rådgivarane» sine, og gjekk tilbake til sin gamle måte å styre landet på. Europearane var sjølvsagt ikkje særleg nøgde med dette, og dei gjekk til sultanen i Istanbul for å krevje å få Ismail avsett. I juni 1897 fekk Ismail eit telegram frå sultanen der han blei tiltala som tidlegare khediv, med opplysing om at sonen hans, Tewfik, skulle bli ny khediv. Ismail fann seg overraskande nok i dette, og Tewfik blei utropt til ny khediv.

Britisk/fransk styre[endre | endre wikiteksten]

Tewfik var ikkje førebudd på å ta styringa, og klarte det ikkje heller. Etter ein periode med kaos blei den britisk/franske kontrollen gjeninnført i november 1879. Det var mange egyptarar som var misnøgde med at europearane skulle styre landet, og dei fekk ein leiar i offiseren Ahmed Urabi, som organiserte eit opprør mot europearane. Opprøret byrja med at arabiske offiserar i hæren protesterte mot at offiserane med tyrkisk avstamming hadde forrang, og utvida seg til å bli eit angrep på utanlandsk påverknad, og til sist blei det retta mot både egyptiske og utanlandske kristne. Dei egyptiske styresmaktane gav etter for mange av krava frå opprørarane, og Ahmed Urabi fekk og ein plass i regjeringa.

I 1882 hadde britane og franskmennene igjen fått nok, og sende store flåtestyrkar til Alexandria. Sultanen i Istanbul ville ikkje gripe inn, for han såg på opprøret som først og fremst ein trussel mot europeiske interesser. Derfor bestemte britane seg for å gå inn med makt i Egypt. Franskmennene blei inviterte til å vere med, men avslo. Etter nokre kampar var opprøret slått ned i september 1882, og britane kunne nå diktere korleis dei ønskte at Egypt skulle styrast. Khediven heldt fram å vere den offisielle herskaren, men han var nok mest ein gallionsfigur. I røynda blei Egypt styrt av britane frå 1882, og ein ny og liberal økonomisk politikk blei innført.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marsot 1984 s. 28
  2. Marsot 1975 s. 41
  3. Marsot 1984 s. 72
  4. Marsot 1984 s. 58
  5. Gelvin 2005 s. 73
  6. Landes 1998 s. 403
  7. Braudel 1984 s. 558
  8. Marsot 1984 s. 145
  9. Owen 1969 s. 29
  10. Landes 1998 s. 404
  11. Marsot 1984 s. 151
  12. Marsot 1984 s. 152
  13. Marsot 1984 s. 156
  14. Marsot 1984 s. 117
  15. Marsot 1984 s. 114
  16. Marsot 1984 s. 153
  17. Landes 1998 s. 404
  18. Simensen 2004 s. 197
  19. Marsot 1984 s. 165
  20. Marsot 1984 s. 153
  21. Landes 1998 s. 404
  22. Marsot 1984 s. 166
  23. Marsot 1984 s. 195
  24. Marsot 1984 s. 171
  25. Marsot 1984 s. 171
  26. Marsot 1984 s. 168
  27. Hourani 2004 s. 311
  28. Gelvin 2005 s. 76
  29. Simensen 2004 s. 197
  30. Gelvin 2005 s. 75
  31. Marsot 1984 s. 197
  32. Marsot 1984 s. 201
  33. Marsot 1984 s. 203
  34. Marsot 1984 s. 205
  35. Marsot 1984 s. 218
  36. Marsot 1984 s. 222
  37. Marsot 1984 s. 231
  38. Marsot 1984 s. 234
  39. Marsot 1984 s. 235
  40. Marsot 1984 s 238
  41. Marsot 1984 s 238
  42. Marsot 1984 s. 243
  43. Marsot 1984 s. 246
  44. Marsot 1984 s. 250
  45. Marsot 1984 s. 252
  46. Landes 1998 s. 407

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Braudel, Fernand – Civilization and Capitalism 15th-18th Century, Vol. III – London 1984
  • Gelvin, James – The Modern Middle East – Oxford 2005
  • Hesselberg, Jan – Fattigdom og utviklingsstrategier – Oslo 1966
  • Hourani, Albert – De arabiske folks historie – Gyldendal 1994
  • Hourani, Albert – Arabic Thought in the Liberal Age 1798-1939 – Oxford University Press 1970
  • Issawi, Charles – Egypt in Revolution, an Economic Analysis – Oxford 1963
  • Philipp, Thomas & Scwald, Guido (red.)- ‘Abd al-Rahmān al-Jabartī’s History of Egypt Volumes III and IV – Franz Steiner Verlag, Stuttgart 1994
  • Landes, David – The Wealth and Poverty of Nations – Abacus 1998
  • Lewis, Bernard – The Shaping of the Modern Middle East – Oxford 1994
  • Lewis, Bernard – What Went Wrong? – Oxford 2002
  • Marlowe, John – Spoiling the Egyptians – Andre Deutsch Ltd., London 1974
  • Marsot, Afaf Lutfi al-Sayyid – Egypt in the Reign of Muhammad Ali – Cambridge Middle East Library, 1984
  • Owen, E.R.J – Cotton and the Egyptian Economy 1820-1914 – Oxford 1969
  • Said, Edward W. – Orientalisme, Vestlige oppfatninger av Orienten – Cappelen 1994
  • Simensen, Jarle – Afrikas Historie, 4. utg., Cappelen 2004

Kapitla som omhandlar tida etter 1849 er i hovudsak henta frå engelsk wikipedia