Eid i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eid er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal. Bygda ligg inst i Rødvenfjorden.

Eid kommune 1874-1964[endre | endre wikiteksten]

Kommunen blei oppretta då Eid og Voll kommune blei delt 1. januar 1874. Eid kommune hadde ved opprettinga 1048 innbyggarar.

1. januar 1964 blei Eid, Grytten, Hen og Voll kommunar samt det meste av Veøy slått saman til den nye Rauma kommune. Eid hadde ved samanslåinga 381 innbyggarar. Han var då den nest minste kommunen i fylket etter folketal, berre større enn Grip.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Eid kommune var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal frå 1952, då Ålvundeid kommune passerte han i folketal og fram til kommunesamanslåinga i 1964. Berre Grip var mindre.

Folketalsutvikling for tidlegare Eid kommune frå 1875 til 1964:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[5]
683 549 510 509 499 468 416 381

Kommunenamnet Eid er også kjent frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 2. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Eid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)