Eid kyrkje i Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eid kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Eidsbygda
Material tre
Innvigd 1697 eller 1797
 - Endringar påbygd i 1872 og 1874
Tårn Klokketårnet er av treverk
Skip Eitskips hallkyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Preikestol Preikestolen er frå 1668
Døypefont Døypefonten har årstalet 1519 og skal vere frå Lesja
Altartavle Altertavla er frå 1660 og er restaurert i 1916 av Ragnvald Einbu
Kart
Eid kyrkje i Romsdal
62°35′23″N 7°29′50″E / 62.5896°N 7.4973°E / 62.5896; 7.4973
Wikimedia Commons: Eid kirke, Rauma
Det er fleire kyrkjer i Noreg med namnet Eid kyrkje.

Eid kyrkje er ei langkyrkje i Eidsbygda i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke.

Kyrkja vart bygd i 1697 eller 1797, og er av treverk, og har 200 plassar. Ho er påbygd to gangar, i 1872 og 1874. I 1862 vart Eid eige prestegjeld og kyrkja vart frå då av hovudkyrkje.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Altartavla er frå 1660, i alle fall står dette årstalet på tavla. Ho vart restaurert av Ragnvald Einbu i 1916.

Døypefonten er gammal og kjem frå Lesja. Den har årstalet 1519.

Gamlekyrkja hadde et antemensale frå omkring år 1275 med 12 motiv frå Jesu liv. Dette kom til Bergen Museum i 1840-åra. Det er eit av dei mest verdifulle kunstverka i landet frå mellomalderen. Eit antependium frå 1677 som stod i gamlekyrkja, er no på Norsk Folkemuseum i Oslo. Det er i svært dårleg tilstand.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]