Eidangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjordsystemet i Grenland

Eidangerfjorden er ein fjord i Porsgrunn kommune i Telemark. Han er 6 km lang, og strekkjer seg frå mellom Brevik og Sandøya, inn i Eidanger, til Nystrand. Den største øya er Kattøya inst i fjorden, ved camping- og badeplassen Olavsberget. Ved Nystrand ligg òg den landfaste Kotøya, som høyrer til «løpedronninga» Ingrid Kristiansen.

På austsida av fjorden finst fleire kommunale badeplassar, m.a. Seivall, Brønnstadbukta og Røra (Skien kommune). Ytst i fjorden, ved Brevik, finst utskipingshamn for sementfabrikken Norcem. Lenger inne, på vestsida, ligg tettstaden Heistad med Heistadstranda, og fleire mindre friområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]