Eidbukta
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Meløy i Nordland | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 210 (2011) | |
| Folketettleik | 840 /km² | |
| Areal[1] | 0,25 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 17 | |
| Postnummer | 8150 ØRNES | |
| Preposisjon | på Eidbukta | |
Eidbukta er ein klynge med bustadhus som Statistisk sentralbyrå har gjeve namn på og har definert som ein tettstad til etter kriteria 200 busette eller meir i bustadhus med maksimal avstand på 50 meter. Han ligg i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har 210 innbyggjarar (2011) og er eit bustadområde sørom Ørnes. Eidbukta som tettstad hos SSB ligg mot vest i utkanten av Sandå, [2] ikkje langt frå grenda Eidbukta.
Eidbukt, Eibukt i Meløy er også ei grend med tidlegare i alt fem gardsbruk fordelt på to matrikkelgardar, gardsnummer 51 og 52 i kommunen, totalt på 93 dekar i 1893. Gardane ligg på eidet som skil Eidbukta (havbukt) frå Sandåbukta. Dei grensar mot Sandå i nordaust og mot Borvik i nordvest. [3] I 1875 var folketalet 25 på gardane, medan det i 1970 var 64 busette i grenda. Namna på gardane er Øybukt ytre og Øybukt indre. [4]. Dei eldste funn av menneskeleg aktivitet på gardane er rekna å vere mellom 3000 og 4000 år gamle. [5] Grenda hadde skole frå byrjinga av 1890-talet fram til han vart flytta til Neverdal [6] i 1931. [7]
[endre] Kjelder
- Moe, K. (red.), Gård og grend i Meløy, bind 2, Meløy kommune, 1981. (ISBN 82-90030-02-9)
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ Gård og grend i Meløy, skildrar Sandå som ei grend av 13 gardar under gardsnummer 50.
- ↑ Gård og grend i Meløy, skildring side 469 og 470.
- ↑ Gård og grend i Meløy meiner at Øybukt er det opphavlege namnet på grenda, bl.a. i følgje utskiftingskartet av 1893. Namnet Eidbukt kom inn på NGO topografiske kart, målestokk 1:100000. Side 469.
- ↑ Gård og grend i Meløy, side 470
- ↑ Artikkel i Årbok nr. 19 av Meløy Historielag, 2003.
- ↑ Nettside hos Meløy Historielag.