Eidsborg stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°27′52″N 8°1′18″E

Eidsborg stavkyrkje
Stabkirche Eidsborg.jpg

Eidsborg  (august 2008)

Foto: Falk Lademann

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Agder og Telemark
Prosti:  Vest-Telemark
Fellesråd:  Tokke
Sokn:  Eidsborg, Mo og Skafså
Vigd til:  Truleg St. Nicholas (St. Nikuls)
Innvigd:  Kring 1250[1]
Kyrkjegard:  Rundt kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Takryttar:  Oppattbygd i 1693, ein del vyrke frå mellomalderen attbrukt.
Portal:  Vestportal i svalgangen, truleg flytt frå sørsida av svalgangen.
Kor:  Bygd i 1840-åra
Skip:  Bygd på slutten av 1200-talet, forlenga austover i 1840-åra.
Kyrkjerommet
Preikestol:  1927[2]
Døypefont:  1846
Altartavle:  1846
Plassar:  80[3]
Commons-logo.svg
Eidsborg stavkyrkje på Commons

Eidsborg stavkyrkje står i Eidsborg i Tokke kommune i Telemark fylke, og er ei einskipa stavkyrkje frå andre halvdelen av 1200-talet. Kyrkja er soknekyrkje for Eidsborg og Dalen, men har frå 2001 berre vore nytta i sommarhalvåret. Ho ligg ved friluftsmuseet til Vest-Telemark Museum og vert ofte oppfatta som del av museet. Kyrkja har vore gjennom mange endringar opp gjennom åra, dei største i 1840- og 1920-åra. Det er den vestre delen av kyrkjeskipet som er frå mellomalderen, medan austre enden av skipet og koret stod ferdig i 1847. Kyrkja gjennomgjekk ei stor vøling og restaurering under leiing av Riksantikvaren i åra 2005–2008.[4]

Eidsborg stavkyrkje er særmerkt ved at også hjørnestavane og veggene på svalgangane er spontekte. Det andre særmerket med Eidsborg-kyrkja er kultusen knytt til ein helgenfigur forestillande St. Nicholas, eller Nikuls som han heitte i Eidsborg.

Tidlegare kyrkje på staden[endre | endre wikiteksten]

Då arbeidsfolk hadde opp golvet i 1927 fann dei merke i grunnen etter noko soknepresten meinte hadde vore eldstader og som dei tolka som offerstader i eit førkristent hov. Oldsakssamlinga ved Universitet i Oslo fekk melding om funnet, men hadde ikkje tid til å kome til Eidsborg for å undersøkje grunnen. Utfrå skildringa dei fekk melde dei attende at det meir truleg var eit brannlag etter ei nedbrunnen tidlegare kyrkje på staden. Det er ikkje gjort undersøkingar av grunnen seinare, men i ljos av dei funna ein har gjort på andre gamle kyrkjestader, tolkar ein no desse funna som spor etter dei jordgravne stolpane til ei stolpekyrkje som har stått på staden før den noverande kyrkja var reist. Slike stolpar vart ofte svidde i nedste enden for å gjere dei meir vassavstøytande før dei vart sette ned i grunnen.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja ligg på ei høgd vestom det vesle vatnet Eidsborgtjønni, med utsyn over vatnet og gardane på hi sida. Mellom kyrkja og vatnet går Riksveg 45. Attom kyrkja ligg garden Vindlaus med bruka Nistog og Uppistog Vindlaus som frå 1950 har vore del av Lårdal Bygdemuseum, noverande hovudbølet til Vest-Telemark Museum. Vegen til museet og kyrkja frå riksvegen er sams, og parkerinsplassen for dei begge ligg like oppom kyrkjegardsmuren.

Gamle gravminne i støypejarn sette mot steingarden som delvis framleis hegnar inn kyrkja og kyrkjegarden i Eidsborg.
Foto: Falk Lademann

Bygget har vest–aust-orientering med koret i aust, og den noverande hovudinngangen i vest. Kring kyrkja på alle sider er det gravplass som er delvis inngjerda av steingard.

Den eldste kjernen[endre | endre wikiteksten]

Teikning av den indre oppbygginga av skipet i Haltdalen stavkyrkje. Eidsborg stavkyrkje har ei liknande oppbygging, men takkonstruksjonen er noko enklare.
Teikning: Håkon Christie

Då kyrkja fyrst vart innvigd var ho ei enkel lita einskipa langkyrkje i stavverk, på under 40 kvadratmeter. Dette var truleg ein vanleg storleik på bygdestavkyrkjer i Noreg i mellomalderen. Skipet var 6,3 x 5,3 meter, og koret var 2,2 meter breitt. Det fyrste koret vart rive på 1600-talet, men det er merke etter det i skipet. Taket på koret låg ein del lågare enn det på skipet. Truleg hadde koret ikkje stort meir enn seks kvadratmeter golvflate. Kyrkja hadde frå starten ikkje svalgangar, men takryttar midt over skipet verkar det ha vore heilt frå starten.

Kyrkja har ein konstruksjon som til største delen er som andre kjende stavkyrkjer av denne storleiken, men løysingane og arbeidet skil seg ut i noko uvand utføring. Det er også svært lite av pynt i form av forseggjorde detaljar og skurd på den eldste delen av kyrkja.

Slike enkle stavkyrkjer har ein konstruksjon der botnsviller ligg på ein steinmur og er bundne saman i hjørna av ståande hjørnestavar. I øvre enden av hjørnestavane er stavlegje tappa inn. Mellom botnsvilla og stavlegje står veggplankane som er festa i kvarandre med not og fjør. Dei øvste hjørna er forsterka med kne som er laga av vinkelvakse vyrke, ofte henta frå overgangen mellom stamme og rot. Takkonstruksjonen er bygd opp av sperr som er forsterka med undersperr, hanebjelkar og kne, festa i stavlega. Slik er også Eidsborg-kyrkja bygd, men ulikt det vanlege er ikkje botnsvillene i Eidsborg-kyrkja lafta over einannan i hjørnet, men berre sett inntil kvarande og halde saman av hjørnestaven. Dette er ein mindre god og stødig konstruksjon enn det vanlege, noko som kan tyde på at det ikkje var vande stavkyrkjebyggarar med i arbeidslaget som sette opp eldste delen av kyrkja. På botnsvillene er det tydelege øksemerke etter tilteljing, både på ut- og innsida. Også dette er eit uvanleg drag for i andre stavkyrkjer er alle slike merke pussa vekk slik at veggene er slette, særleg på innsida. Også takkonstuksjonen har somme uvanlege drag.

Det var to inngangar på kyrkja, ein i koret og ein i skipet, begge på sørsida av kyrkja. I botnsvillen under inngangen i skipet er bevard ein dobbelboga profil. Truleg har det vore ein slik også på oversida av døra, og tilsvarande ved inngangen til koret. Dette er eit gotisk dekorelement som ikkje er kjend frå særleg mange kyrkjer, men dei vert daterte til kring 1250-1300. Dobbeltbogar finn ein også att på nokre små gluggar på takryttaren. I takryttaren heng det to kyrkjeklokker frå mellomalderen. Den eldste av dei vert stilmessig datert til 1250–1280, medan den andre er nokre tiår yngre. Det er desse tre tinga som peikar mot at av kyrkja vart bygd ei gong mellom 1250 og 1280; dobbeltbogen ved sørinngangen, dobbeltbogane i gluggane på takryttaren, og den eldste kyrkjeklokka.

Svalgangen[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har stått nokre tiår utan svalgang etter at ho vart bygd. Det ser ein av at det er gammal tjøre på dei delane av kyrkja som no er dekt av svalgangen og av stildetaljar på svalgangen som er noko yngre enn 1250–1280. Svalgangen er òg tydeleg laga av andre handverkarar enn kyrkja og det er her det kjem til skurd i form av portal og ei rekkje små søyler og bogar kring heile svalgangen. Portalen står no på inngangen til svalgangen i vest, men denne inngangen vart laga til på 1800-talet, og portalen har truleg opphavleg stått på den gamle hovudinngangen til svalgangen i sør. Portalen vert stilmessig datert til kring 1300, noko som også daterer svalgangen han står på.

Mellomalderinventar[endre | endre wikiteksten]

Frå mellomalderen er bevart eit krusifiks og ein helgenfigur.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Leif Anker (2005) «Eidsborg stavkirke» – i: Kirker i Norge : Middelalder i tre - stavkirker, s. 162–167 – ARFO, Oslo. ISBN 82-91399-16-6.
  2. Øystein Morten (2008) Stavkyrkja i Eidsborg : Ein biografi, s. 184 – Scandinavian Academic Press/Spartacus Forlag, Oslo. ISBN 978-82-304-0037-1.
  3. Alf Henry Rasmussen (red., 1993) «Eidsborg stavkirke» – i: Våre kirker : norsk kirkeleksikon, s. 481 – Vanebo Forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.
  4. Riksantikvaren: Stavkirkeprogrammet 2001-2015 - Hva har skjedd så langt? – «Eidsborg stavkirke» s. 12-13

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]