Eidsdal
Eidsdal er ei langstrekt bygd og dalføre på sørsida av Norddalsfjorden i Norddal kommune. Det bur rundt 400 personar der.
Dei viktigaste næringane er jordbruk, særleg mjølkeproduksjon frå ku og geit, og turisme. Vegen gjennom Eidsdal er del av komande nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen.
Frå Eidsdal går det ferje over til Linge på nordsida av Norddalsfjorden. Dalen er naturleg delt i ein øvre og nedre del der vegen går i ein trang og bratt passasje mellom Veiberg og Berge. Frå Berge er dalbotnen flat eller slakk til grensa mot Geiranger.
Eidsdal har ikkje eiga kyrkje, men soknar til Norddal kyrkje i Dalsbygda.
Eidsdal, i det minste nedre del av dalføret, vart tidlegare kalla Ytterdal. Strandstaden (tettstaden) blir framleis kalla Ytterdal av lokale, sjølv om ferjestaden (overfarten Eidsdal-Linge) heiter Eidsdal. Namnespørsmålet skapte sterk strid kring 1950.[1] Namnet Ytterdal eller Ytre-Dale har vore brukt i kontrast til Indre-Dale i nabobygda Dalsbygda (også kalla Norddal) litt lenger innover i fjorden.
[endre] Referansar
- ↑ Stette, Hans (2003): Her er sett sår.... Årbok for Norddal. Norddal mållag.