Eidsfjorden i Vesterålen

Koordinatar: 68°41′13.5″N 14°59′6.5″E / 68.687083°N 14.985139°E / 68.687083; 14.985139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°41′13.5″N 14°59′6.5″E / 68.687083°N 14.985139°E / 68.687083; 14.985139

Eidsfjorden og fjellet Ræka sett frå Frøskeland
Guvåg ved Eidsfjorden

Eidsfjorden er ein fjordLangøya i kommunane Hadsel, Bø i Vesterålen og Sortland i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 35 km nordaustover og deler nesten Langøya i to slik at ho har ei hesteskoform.

Fjorden har innløp frå Vesterålsfjorden mellom tettstaden Bø i Vesterålen i nord og Finnsæterneset på Hadseløya i sør. Hadseløya ligg på sørsida i den ytre delen av fjorden. Mellom Hadseløya og Langøya går Langøysund sørover til Hadselfjorden. Byen Stokmarknes ligg ved dette sundet. Det er busetnader langs heile sørsida av fjorden, og av desse finn ein Skaga, Slåttnes, Kjerringvik og Stranda. I tillegg til Bø finn ein på nordsida Guvåg og Frøskeland. Inst i fjorden ligg Skjerfjordeidet. Frå her er det berre om lag 700 meter over til Skjerfjorden på nordsida av øya.

Fjorden har fleire fjordarmar, særleg på nordsida. På sørsida finn ein Straumfjorden og Valfjorden, og på nordsida ligg Jørnfjorden, Hellfjorden, Melfjorden, Olderfjorden og Bjørndalsfjorden som er den inste delen av Eidsfjorden.

Riksveg 820 går langs delar av nordsida og på sørsida går Fv881 og Fv885.