Eiesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiesfjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Kart
Eiesfjorden
61°06′04″N 5°51′48″E / 61.101121°N 5.86326611°E / 61.101121; 5.86326611

Eiesfjorden er ein liten fjordarm av Fuglsetfjorden på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han har ei lengd på 1,8 km og går søraustover til Søreidet.

Fjorden har innløp mellom Kroppa i sør og Eidesberget i nord og er omgjeve av fjella Seglet (751 moh) på nordsida og Kroppefjellet (686 moh) på sørsida. Frå Søreidet kjem ei 150 meter lang elv frå Øystrebovatnet, som strekkjer seg 3,5 km vidare innover og kan reknast som ei fortsetjing av Eiesfjorden.

Fv92 går langs dei indre delane av fjorden gjennom Søreidet.