Eigedomsmeklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eigedomsmeklar er eit selskap eller ein person som har til yrke å formidla kjøp, sal og utleie av fast eigedom. I Noreg er eigedomsmeklar ein verna tittel, og krev konsesjon av Finanstilsynet. Eiendomsmeklingsbransjen er strengt lovregulert, og det er berre firma med særskilt løyve som kan driva eigedomsmekling. Advokatar og juristar kan òg opptre som eigedomsmeklar viss dei har løyve frå Finanstilsynet. Ein kan taka ein bachelorgrad i eiendomsmekling ved fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg.[1]

Arbeidsoppgåver[endre | endre wikiteksten]

Vanlege arbeidsoppgåver for ein eigedomsmeklar ved eit bustadssal:

  • bistå selgjar med planlegging og gjennomføring av sal
  • laga prospekt over eigedomen
  • annonsera i aviser og på internett
  • gjennomføra vising og budrunde
  • halda kontraktsmøte mellom partane
  • fylla ut naudsynte dokument og senda aktuelle papir for tinglysing
  • gjera det økonomiske oppgjøret mellom partane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]