Eigenspinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eigenspinn er spinn som kjem av rotasjon om ein akse gjennom eige massesenter. Med spinn meiner ein her momentet til rørslemengda (massefarten) om aksen. Ein planet som roterer om seg sjølv, som til dømes jorda, har eit eigenspinn om sin eigen akse gjennom døgnrotasjonen, samt eit banespinn om ein akse gjennom sola.

Eigenspinn spelar ei stor rolle i skildringa av atomære fenomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]