Eigenvekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eigenvekt er eit dimensjonslaust forhold mellom tettleiken til to stoff. Ho kan brukast til å finne storleiken til oppdrifta for eit stoff i eit anna, eller for å finne tettleiken til eit «ukjend» stoff ved å bruke den «kjende» tettleiken til det andre stoffet. Matematisk kan eigenvekta uttrykkast som:

\mbox{eigenvekt} = \frac{\rho_\mathrm{lekam}}{\rho_\mathrm{referanse}}

der \rho er tettleik (med same eining for begge stoffa).

Eigenvekta har ikkje eining sidan det er forholdet mellom to storleikar. Viss forholdet er større enn 1, så vil lekamen søkke i referansestoffet. Viss det er mindre enn 1 vil lekamen flyte på referansestoffet. Viss eigenvekta er identisk lik 1, så vil dei to stoffa ha same tettleik, og ingen av dei vil synke eller flyte. Det er viktig å oppgje referansestoffet når ein omtalar eigenvekta, og ofte kan det i tillegg vere viktig å indikere temperaturen til stoffa, sidan tettleiken ofte er temperaturavhengig.

Det er ofte nyttig å bruke vatn som referanse, sidan tettleiken til vatn (tilnærma) er 1000 kg/ eller 1 g/cm³.