Eigersund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eigersund kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1101
Fylke Rogaland
Adm.senter Egersund
Areal 429 km²
Folkemengd 14 636 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Leif Erik Egaas (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.eigersund.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1101.svg
Eigersund kommune på Commons

Eigersund kommune ligg i Dalane i Rogaland fylke og grensar i vest til , i aust til Sokndal og Lund og i nord til Bjerkreim og til Sirdal i Vest-Agder. Kommunen har sine noverande grenser frå 1965 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Egersund, Eigersund, Helleland og delar av Heskestad.

Administrerande senter i kommunen er byen Egersund. Lokalavisa er Dalane Tidende, som òg dekkjer tre dei andre kommunane i regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Egersund sentrum

Eigersund utgjer fastlandet og den busette øya Eigerøy. Ved kysten er det lågland med snaue og avrunda berg med lite vegetasjon, utanom kring kommunesenteret Egersund og tettstadene Hellvik og Helleland, der Egersund treplantingsselskap har drive og planta tre i over 100 år. Lenger inn i landet er det meir frodig med ein del skog i dalane. Her er landskapet bratt og i nordaust finst det høgder på 650–850 moh. I sørvest er toppane lågare og ligg på kring 250–350 moh. Det høgste fjellet i kommunen er Store Skykula (906 m) nord for Gyadalen. I området nært Egersund ligg høgdene på rundt 100 moh.

Sørvest for Egersund, utanfor Eigerøy, ligg det eit såkalla amfidromisk punkt, dvs. eit nullpunkt i havet i høve tidvatnet. Tidvatn frå to ulike retningar, den engelske kanalen og nord for Skottland, treffes her og nøytraliserer kvarandre. Resultatet er at det ikkje er forskjell på flo og fjære i Egersund. Langs kysten av Vestlandet og Sørlandet er det på grunn av dette nullpunktet heller ikkje store forskjellar i tidvatnet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Eigerøy bru inngår i Rv502 og bind Eigerøya til fastlandet

Egersund er eit viktig trafikknutepunkt. Her møtest fleire viktige riksvegar, Fv44 Stavanger-Flekkefjord og Fv42 Arendal–Egersund; Rv502 til Eigerøya. E 39 passerer Eigersund 10 km nordvest for kommunesenteret. Sørlandsbanen går gjennom kommunen; Egersund stasjon ligg like nord for bysenteret. Anløp av kystruteskip, og ferjesamband til Danmark .


Kommunenamn og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Eigersund kjem av norrønt språk Eikundarsund, sundet mellom eiketre. Ein person frå Eigersund vert kalla for eigersundar.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1972. Motivet er på grøn botn eit opprett eikeblad og står som symbol for utbreiinga eika har i kommunen.

Kjente folk frå Eigersund[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°27′8.5″N 6°0′11.2″E