Eikefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Fakta om Eikefjord
Kommune: Flora
Fylke: Sogn og Fjordane
Folkemengd: 1285 (2007)
Postnummer: 6940

Eikefjord er ei bygd og tidlegare kommune i Flora i Sogn og Fjordane fylke. Bygda ligg ved riksveg 5, mellom Florø og Førde, 23 km aust om Florø og 33 km vest om Førde. Dersom ein reknar med områda som soknar til Eikefjord barne- og ungdomsskule har bygda, etter data frå SSB, eit innbyggjartal på 1285 i 2007.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Bygda Eikefjord femner om grendene eller grunnkrinsane Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland/Kvalvik, Eikefjord og Sunnarvik i kraft av å ha sentrumfunksjonar som skule, post, bank, butikkar, bussknutepunkt og ulike lag og organisasjonar for desse.

[endre] Historie

I ein periode på 41 år frå 1923 til 1964 var Eikefjord ein kommune som femde områda kring Eikefjorden og dalføret austover mot Ramsdalsheia. Eikefjord vart 1. januar 1923 skild ut frå Kinn som eigen kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.

I perioden frå omlag 1935 til omlag 1969 var det fleire mindre fabrikkar som dreiv med produksjon av tønner i Eikefjord.

[endre] Kultur og idrett

Eikefjord kyrkje vart oppførd i 1812. Kyrkja vart i 1874 ombygd til krosskyrkje med 350 sitjeplassar.

Eikefjord ungdomslag vart oppretta i 1901.

Eikefjord idrettslag vart stifta i 1967.

[endre] Personar med tilknytning til Eikefjord


[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
På andre språk