Eikefjord kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eikefjord kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Eikefjord
Fellesråd Kinn
Type Krosskyrkje
Teknikk Tømra
Innvigd 1812
 - Endringar Ombygd til krosskyrkje i 1874
Sitjeplassar 350
Kart
Eikefjord kyrkje
61°35′07″N 5°27′33″E / 61.5853°N 5.4593°E / 61.5853; 5.4593
Wikimedia Commons: Eikefjord kirke

Eikefjord kyrkje står i bygda Eikefjord i Kinn kommune i Vestland, og er ei trekyrkje bygd i 1813.

Eikefjord kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Eikefjord kyrkje

Frå starten var ho ei langkyrkje med plass til 150–200 personar, men i 1874 vart ho ombygd til krosskyrkje, og no har ho sitjeplass til 350. Kyrkja er soknekyrkje i Eikefjord sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

Dette er den fyrste kyrkja på staden. Frå byrjinga var kyrkja eit kapell under Svanøy-kyrkja (noverande Bru sokn), men i 1890 vart Eikefjord skild ut som eige sokn.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Djupedal, Torkjell. «Eikefjord kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]