Eikelandsfjorden i Fusa

Koordinatar: 60°14′14.118″N 5°39′41.011″E / 60.23725500°N 5.66139194°E / 60.23725500; 5.66139194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°14′14.118″N 5°39′41.011″E / 60.23725500°N 5.66139194°E / 60.23725500; 5.66139194 Eikelandsfjorden er ein 6,5 km lang fjordarm av Fusafjorden og Bjørnafjorden i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Kommunesenteret Eikelandsosen ligg inst i fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stølsneset ved Gjerdavik, nord for bygda Fusa, i søraust og Altanesodden i nordvest. Vest for Altaneset ligg Ådlandsfjorden. På nordsida av fjorden ligg bygdene Havskår og Helland, og på sørsida ligg Bergegrend. Eikelandsfjorden har nokre få holmar: Austestadholmane ved Austestad, ein holme ved Bergegrend og Havskårholmen ved Havskår.