Eiken kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For Eiken kommune i Aargau, sjå Eiken i Sveits.

Eiken er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke.[1][2] Kommunen vart oppretta i 1916 og lagt ned i 1962.[1]

Eiken kommune hadde same utstrekking som Eiken sokn i Lister prosti, og femnde øvste delen av Lyngdalen med området kring innsjøen Lygne og dalføra, fjella og heiene kring.[2] Soknet og kommunen har namn frå garden Eiken ved nordenden av Lygne, der det har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[3]

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Eiken kommune vart skipa 1. januar 1916 ved at Eiken sokn vart skild ut frå Hægebostad kommune. Ved opprettinga budde det 932 personar i kommunen. I det store kommunebrigdet på 1960-talet vart Eiken innlemma i Hægebostad kommune att, og Eiken kommune vart lagt ned 31. desember 1962. Ved samanslåinga budde det 784 personar i Eiken.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 ¨Dag Juvkam. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» pp. 38-41. Statistisk sentralbyrå.
  2. 2,0 2,1 Per Tang (1951) «Eiken» – i: Norsk Allkunnebok, bind III (red. Arnulv Sudman), s. 721-722 – Fonna, Oslo [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)].
  3. «Eiken kyrkje». kulturminnesok.no (Riksantikvaren). Vitja 7. september 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°28′44″N 07°12′43″E