Eilean Chaluim Chille

Koordinatar: 58°07′N 6°26′W / 58.11°N 6.44°W / 58.11; -6.44
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilean Chaluim Chille
Geografi
Eilean Chaluim Chille is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°07′N 6°26′W / 58.11°N 6.44°W / 58.11; -6.44
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,85 km²

Høgaste punkt Creag Mhor (43 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Eilean Chaluim Chille (gælisk for «øya til St. Columba», Calum Cille) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.

Ho ligg utanfor austkysten av Lewis ved innløpet til Loch Erisort. Ved lågvatn er Eilean Chaluim Chille knytt til Lewis via ein molo ved Crobeag.

Moloen til Eilean Chaluim Chille

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sør på øya ligg ruinane av kyrkja til St. Columba. Dette var ein gong eit viktig religiøst senter og vart i 1549 omtalt som soknekyrkja i området. Det har truleg vore ei kyrkje her sidan rundt år 800, bygt av etterfølgjarane til St. Columba. St. Columba døydde på Iona i 597 e.Kr. Gravplassen her var i bruk fram til 1878. Eilean Chaluim Chille er verna av Historic Scotland som eit fornminne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cromore Village». Lochs Community. Henta 25. februar 2010.