Eilean Donan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eilean Donan
Eilean Donan Castle sett frå vest
Eilean Donan Castle sett frå vest
Geografi
Eilean Donan is located in
Eilean Donan ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°16′ N 5°31′ WKoordinatar: 57°16′ N 5°31′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 0,01 km²
Høgaste punkt 3 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Demografi
Folketal 1 (2001)

Eilean Donan er ei lita øy i Loch Duich vest i Highland i Skottland. Ho er landfast via ei gangbru og ligg om lag ein kilometer frå landsbyen Dornie. Eilean Donan (som tyder «øya til Donnán») er kalla opp etter Donnán av Eigg, ein keltisk helgen frå mellomalderen. Øya er dominert av eit pittoersk slott.

Eilean Donan castle[endre | endre wikiteksten]

Eilean Donan Castle

Det opphavlege slottet vart bygd tidleg på 1200-talet som forsvar mot vikingar.[1] Seint på 1200-talet hadde det vorte ein skanse for Mackenzie-klanen frå Kintail (seinare jarlane av Seaforth). I 1511 tok Macrae-klanen, som verna Mackenzie-klanen, over som konstablar i slottet.

I 1539 døydde Iain Dubh Matheson, høvding i Matheson-klanen, medan han forsvarte slottet på Eilean Donan mot MacDonald-klanene frå Sleat på vegner av Macrae-klanen og Mackenzie-klanen.

I april 1719 vart slottet okkupert av spanske troppar som prøvde å få i gang eit nytt jakobittaropprør. Slottet vart gjenerobra og så øydelagd av tre fregattar frå Royal Navy 10–13. mai 1719. Den spanske styrken vart slått ein månad seinare i slaget ved Glen Shiel.

Borga vart restaurert mellom 1919 og 1932 av oberstløytnant John MacRae-Gilstrap. Samstundes vart det bygd ei gangbru over til øya. I 1983 vart The Conchra Charitable Trust oppretta av Macrae-familien for å ta vare på slottet. Slottet har ei av berre to venstrehendte spiraltrapper i eit slott i heile Storbritannia. Dette kom av at den regjerande kongen på tida då trappa vart bygd bar sverdet i venstrehanda.

Loch Duich og Eilean Donan castle med Isle of Skye i bakgrunnen.

Media og kunst[endre | endre wikiteksten]

Slottet er eit av dei mest fotograferte monumenta i Skottland og ein populær stad for bryllaup og filmopptak.[2] Av filmar som har opptak frå slottet finn ein mellom anna The Private Life of Sherlock Holmes (1970), Highlander (1985)[2], Mio in the Land of Faraway (1987), Loch Ness (1996)[2], Kuch Kuch Hota Hai (1998), The World Is Not Enough (1999)[2], Kandukondain Kandukondain (2000), Elizabeth: The Golden Age (2007), Made of Honor (2007) og BBC sin miniserie Oliver's Travels.

Slottet er òg på bilete på omslaget til Secret Garden-albumet Dreamcatcher (2000).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eilean Donan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]