Eilean Shona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eilean Shona
Geografi
Eilean Shona is located in
Eilean Shona ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°48′ N 5°54′ WKoordinatar: 56°48′ N 5°54′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 5,25 km²
Høgaste punkt Beinn a' Bhàillidh (265 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Invermoidart
Demografi
Folketal 11 (2007)

Eilean Shona (skotsk-gælisk Eilean Seòna, mogleg frå norrønt Sjoney) er ei tidvassøy i Loch Moidart i Skottland. Det tidlegare gæliske namnet var Arthraigh, som tyder «Fjøreøya».[1]

Det gamle skulehuset på Eilean Shona
Tioram Cottage med Castle Tioram i bakgrunnen

Ho vart leigd ut til forfattaren J. M. Barrie i 1920-åra, som nytta ho som sommarferiestad for seg sjølv og fostersønene Michael og Nicholas Llewelyn Davies.[2] Det var her har skreiv manuset til 1924-utgåva av filmen Peter Pan.

Øya er i dag eigd av Robert Devereux.

Det bur i dag 11 personar på øya, men i 1851 vart det rapportert at 37 familiar flytta frå øya til den nærliggande busetnaden Dorlinn etter potetsjuke.[3]

Det ligg fleire mindre øyar rundt Eilean Shona, som Riska Island, Eilean an Fhèidh og Eilean Tioram. Eilean Shona House ligg oppfor Riska og Castle Tioram. Det er fleire hytter til leige på øya, i tillegg til hovudhuset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scottish Parliament Gaelic Placenames
  2. Birkin, Andrew, The Lost Boys, (Yale University Press)
  3. Moidart.org