Eilert Ramm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eilert Waldemar Preben Ramm (4. mai 176915. mars 1837) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Ramm var fødd på Furnes i Hedmark, som son av ein offiser. Han var volontør i det sjællandske lette dragonregimentet i 1787. I 1790 vart han sekondløytnant i Oplandske Dragonregiment. Han steig i gradane, og vart sidan premierløytnant og i 1808 rittmeister. Samstundes vart han då sjef for den vangske skvadron, sidan for den sønnafjellske dragonregiment. Med denne styrken slo han ned uroa mellom bøndene i Hedmark i året 1818. År 1818 vart han overført til kavaleribrigaden. Major i armeen i 1825. Han tok avskjed frå det militære i 1829.

Ved sidan av sitt virke i det militære, arbeidde Ramm i tida etter 1814 som inspektør for den samordna militære og økonomiske oppmålinga.

Ramm var utsending frå sønnafjellske regiment under riksforsamlingaEidsvoll i 1814.

Han døydde i Vang i Hedmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grønåsen, Ragnar A.:Eilert Waldemar Preben Ramm i Minner ifrå Vang 2002, 2002
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914