Eilif Peterssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laksefiskeren (1889)
Fra Sevilosen ved Savalen (1907).
Edvard Grieg (1891)

Hjalmar Eilif Emmanuel Peterssen (4. september 185229. desember 1928), kjend som Eilif Peterssen, var ein norsk kunstmålar. Han laga fleire historiske, religiøse og mytologiske måleri, men måla òg landskap og personar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Som ung dreiv Peterssen med avteikning av segl. Folk som Hans Gude og Peter Christen Asbjørnsen oppfordra han til å studera. Han var elev ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1866-1870), og hadde òg korte opphald ved målarskulane til Johan Fredrik Eckersberg, Knut Bergslien og Morten Müllers malerskole.

I 1871 drog han utanlands for å studera. Det blei opphald ved Kunstskolen i København, i Karlsruhe (1871–73) der han både lærte av Hans Gude og ved Kunstskolen i Karlsruhe, München (1873–75), der han var elev av Wilhelm Diez, og Roma (1879). Seinare vitja Peterssen både Paris, London og fleire italienske byar, slik at han fekk ein større inspirasjonsbreidde enn mange samtidige norske kunstnarar.

Kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Peterssen debuterte på Haustutstillinga i 1882, og hadde si første separatutstilling hjå Blomqvist (1902).

Etter at kunstnaren vende tilbake til Noreg, busette han seg i Bærum og blei medlem av Fleskummålarane (1886). Seinare var han med i den såkalla Lysakerkretsen, og bygde hus i same området, Villa Pjåka, på Lagåsen (1897). Han var òg oppfatta som ein av Skagensmålarane.

Kunstverk[endre | endre wikiteksten]

Historiske måleri av Eilif Peterssen er mellom anna Corfitz Ulfeldts død (1874) og Christian den 2. undertegner dødsdommen over Torben Oxe (1874-76), som begge heng i Nasjonalgalleriet.

Her finn ein òg Sommernatt (1886) og Nocturne (1887) med motiv frå Dælivannet i Bærum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eilif Peterssen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]