Ein deutsches Requiem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein deutsches Requiem ('Eit tysk rekviem') er eit rekviem komponert av den tyske komponisten Johannes Brahms i 1866 (1868).

Medan tradisjonelle rekviemesser har ein fast litugisk tekst, er teksten i Brahms tyske rekviem henta frå Bibelen. Tekstene er sitat frå Jesaias bok, Salmane, Evangeliet etter Matteus og Johannes,dei nytestamentlege breva, Openberringa og dei apokryfe skriftene Visdomsboka og Sirak. Teksten skil seg vesentleg frå den katolske dødsmessa; hos Brahms handlar teksten om der forgjengelege jordelivet og døden som vert overvunnen av frelsa. Dei trøystande bibelorda pregar òg grunnkarakteren i musikkverket.

Musikken er skriven for kor, orkester, orgel ad. lib. og sopran- og barytonsolist. Verket har sju korsatsar, tre av dei med solistiske innslag, og varar om lag 80 minutt. Ein deutsches Requiem var det fyrste av verka til Brahms som nådde eit breitt publikum. Verket var ferdigstilt i 1866, året etter at mor til komponisten døydde. Sopransoloen vart skriven til i 1868. Den fyrste framføringa av verket i si fullstendige form fann stad i Leipzig i 1869.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Dei 7 satsane fell naturleg i to bolkar. Dei tre fyrste satsane er prega av sorg og klage, medan dei fire siste leier tankane mot oppstoda og sæla. I femtesatsen gjer Brahms bruk av ein gammal tysk gravferdskikk, som vert kalla Wiederruf: Ei lys røyst ved grava song ein salme som ei helsing frå den døde til dei som stod att.[1]

Satsane, med tysk tittel, tittelomsetjing etter Studentmållagsbibelen frå 1921 og tilvising til heile songteksten frå Bibelen:

  1. Kor: «Selig sind, die da Leid tragen» - Sæle dei som syrgjer! Matt. 5,4-Sal. 126,5-6
  2. Kor: «Denn alles Fleisch, es ist wie Gras» - For alt kjøt er som gras 1. Pet. 1,24, Jak. 5,7-Jes. 35,10
  3. Bariton (solo) og kor: «Herr, lehre doch mich» - Herre, lat meg få vita Sal. 39, 5-8 - Visd. 3,1
  4. Kor: «Wie lieblich sind deine Wohnungen» - Kor elskelege dine bustader er Sal. 84,2-3-5
  5. Sopran (solo) og kor: «Ihr habt nun Traurigkeit» - Soleis er de og sutfulle no Joh. 16,22, Sirak 51,27, Jes.66,13a
  6. Bariton (solo) og kor: «Denn wir haben hie keine bleibende Statt» - For me hev ikkje her ein varande by Hebr. 13,14, 1. Kor, 15,51, 52, 54b, 55, Op. 4,11# Kor: «Selig sind die Toten» - Sæle er dei daude Op. 14,13b

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Brahms Ein deutsches Requiem op. 45 Breitkopf & Härtel ISMN M 004 16590 4
  • Cappelens musikkleksikon 1978 Red. Kari Michelsen b. 1 ISBN 82-02-03684-4
  • Kristen sang og musikk Runa forlag 1962

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ein deutsches Requiem
Wikisource

Teksten til Ein deutsches Requiem ved Wikisource (de).