Einangsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innskrifta på Einangsteinen
Einangsteinen i Vestre Slidre

Einangsteinen er ein runestein frå 300-talet rista med den eldre futharken øvst i Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Oppland fylke. Einangsteinen og Barmensteinen frå Selje i Nordfjord er dei eldste, norske runesteinane frå folkevandringstida som framleis står der dei vart reiste.

Steinen har fått namn etter den nærliggande garden Einang. Garbergfeltet er eit gravfelt frå jarnalderen, kor det òg er funne ei stor mengd kulturminne frå seinare tidsaldrar.

Den allment aksepterte tolkinga av innskrifta vart lagt fram av Erik Moltke i 1938. Han gjekk ut frå at det mangla fire runeteikn før det første teiknet som i dag er igjen av innskrifta. Han las då teksten på steinen slik:

[Ek go]ðagastiR runo faihido[1]

Som kan tolkast som:

Eg, Gudgjest, rista runene[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Spurkland, Terje (2005). Norwegian runes and runic inscriptions. Woodbridge: The Boydell press. ss. 42-43. ISBN 1 84383 186 4. 
  2. Einangsteinen på Valdresmusea sine nettsider.