Einar Førde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Einar Førde (20. januar 194326. september 2004) var ein norsk journalist og politikar for Arbeidarpartiet. Førde var som politikar ein viktig ideolog og strateg. Han var òg kringkastingssjef for NRK.

Einar Førde var fødd i Høyanger som son av Gudleik Førde og Dagny Hagen. Han tok artium ved Eidsvoll landsgymnas, og studerte ved statsvitskap, historie og samfunssøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs. Han var ein lovande idrettsmann, og vann 1500 m under Nordisk juniormesterskap i 1963.

Som politikar var han stortingsrepresentant frå 1969 til 1989, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet, og statsråd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Odvar Nordli si regjering frå 8. oktober 1979 til 4. februar 1981 og deretter i Gro Harlem Brundtland si første regjering til 14. oktober 1981.

Etter at han slutta på Stortinget var han deretter kringkastingssjef i NRK frå 1989 til 2001. Siste åra skreiv han artiklar kvar veke i Bergens Tidende, og desse er samla i dei to siste bøkene frå hans hand.

Einar Førde døydde 61 år gamal av kreft etter ei tids sjukdom, og etterlet seg kona Synnøve Nymo og tre born frå dette ekteskapet, to frå tidlegere ekteskap.

Innhaldsliste

[endre] Verv

[endre] Bøker

  • Det norske klassesamfunn (1968)
  • Vi er alle sosialdemokratar (1981)
  • Utsyn : innkast mot gravalvorets diktatur (2002)
  • Innsyn : artiklar : 2002-2004 (2005)

[endre] Bakgrunnsstoff

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Einar Førde


[endre] Biografiar



Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk