Einar Gausel
Einar Johan Gausel (fødd 30. november 1963) er ein norsk sjakkspelar.
Einar Gausel vart utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1988. Han vart utnemnd til stormeister i 1995, som den tredje frå Noreg som oppnådde denne tittelen. Einar Gausel vann Noregsmeisterskapen i sjakk i 1992, 1996 og 2001.
Einar Gausel har spelt heile 7 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1988, 1990, 1992, 1994, 1996, 2002 og 2006. I tre av dei, 1992, 1994 og 2002, spelte han på første bord. I desse 7 turneringane spelte han til saman 75 parti, og skåra 40,5 poeng etter 26 sigrar, 29 remisar og 20 tap, 54,0 %.
Einar Gausel spelar helst solide og posisjonelle stillingar.
Til dagleg er han sjakkspaltist i Dagbladet.
Einar Gausel er medlem i Oslo Schakselskap.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Einar Gausel sine beste parti på www.chessgames.com
- Einar Gausel sine parti i Noreg hos NorBase
- Omtale av Einar Gausel på stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider
- Einar Gausel sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE
Kjelder [endre]
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv