Einar Gerhardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einar Gerhardsen i 1945.
Foto: Christoffer Gade Rude / Oslo Museum

Einar Henry Gerhardsen (10. mai 189719. september 1987) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var statsminister frå 1945 til 1951, frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965.

I 1919 vart han formann i Vegvesenet si arbeidarforening og året etter i Oslo Arbeidersamfunn. Frå 1919 til 1926 var han sentralstyremedlem i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF), med ei periode som nestformann og som formann. I denne tida var han òg i sekretær i Norsk kommuneforbund i eitt år og sekretær i Det norske Arbeidarparti i tre år. Så vart han sekretær i Oslo Arbeiderparti frå 1926 til 1936.

Under den andre verdskrigen var Gerhardsen aktiv i motstandsrørsla, og han vart arrestert og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland. Han sat i Sachsenhausen frå 1942 til 1944, så på Grini til freden kom i 1945.

Medan og etter han var statsminister var han ein respektert person, til og med mellom dei som ikkje delte dei sosialdemokratiske synspunkta hans. Han vart populært kalla Landsfaderen for å ha leia til å bygge Noreg etter den 2. verdskrigen. Noreg gjekk frå å vera ein temmeleg svak, fattig og underutvikla nasjon til ein velståande, industrialisert stat i løpet av Gerhardsen si styringstid. Det vart lagt vekt på å byggja ein velferdsstat, med omfordeling av goda gjennom eit progressivt skattesystem.

I ein biografi om Gerhardsen har det kome fram at han gjorde framlegg om samarbeid med tyskarane sommaren 1940. Dersom det hadde vorte kjend etter krigen, kunne han ha fått store problem med å verta statsminister etter krigen.

Kritikarar av Gerhardsen og Arbeidarpartiet har skildra Noreg i Gerhardsen si styringstid som noko nær ein eittpartistat. I gransking av norske etterretningsorganisasjonar har det kome fram eit samrøre mellom etterretningstenesta og partiapparatet i Arbeidarpartiet.

Den 29. februar 1948 heldt Gerhardsen den såkalla Kråkerøytala. Tala innleia eit oppgjer med Norges Kommunistiske Parti og kommunistar i fagrørsla. Kommunistar i nært samband med Sovjetunionen hadde nett teke makta i Tsjekkoslovakia.

Gerhardsen mottok i 1970 St. Hallvards-medaljen, i 1971 Peer Gynt-prisen og i 1972 Borgardådsmedaljen i gull.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]