Einar Skjæraasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Einar Skjæraasen (23. juli 190018. juni 1966) var ein forfattar frå grenda Skjæråsen i Østre Trysil. Han var utdanna bankmann og budde i Oslo.

Diktsamlinga frå 1945 inneheld fleire dikt på dialekt. og frå og med diktsamlinga Danse mi vise, gråte min sang, var alle dikta på trysil-målføret. Bøkene hans selde godt og han vart ein folkekjær lyrikar. Fleire av dikta hans er tonesette, blant andre Danse mi vise, gråte min sang, Vandringsvise og Du ska itte trø i graset.

Skjæraasen er representert i Norsk Salmebok. Han fekk Mads Wiel Nygaards legat i 1965.

Et monument over Skjæraasen, utført av Ørnulf Bast, vart avduka i Trysil den 26. juli 1970. Han har også fått ein kulturpris oppkalla etter seg, Skjæraasenprisen.

Bibliografi [endre]

  • Reflekser (1938)
  • Skritt forbi min dør (1938)
  • Den underlige våren (1941)
  • Så stiger sevjene (1945)
  • Danse mi vise, gråte min sang (1949)
  • Du ska itte trø i graset (1954)
  • Sju undringens mil (utvalde dikt, 1963)
  • Sang i september (1965)
  • Bumerke (etterletne dikt, 1966)

Bakgrunnsstoff [endre]