Einar Tambarskjelve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einar Tambarskjelve: «For veik, for veik er kongens boge!» Teikning av Christian Krogh
Melhus kommune sitt kommunevåpen syner bogeskyttaren Einar Tambarskjelve

Einar Tambarskjelve (fødd kring 980, død kring 1050) var ein stormann og bogeskyttar i vikingtida.

Einar Eindrideson fekk tilnamnet Tambarskjelve (av norrønt språk tomb = bogestreng) av di han var den beste bogeskyttaren i landet, på norrønt Einar þambarskelfir. Einar kom frå storgarden Gimse i Melhus i Trøndelag, som son av Eindride Styrkårsson. Einar var fødd til rikdom. Som attenåring kjempa han saman med Olav Tryggvasonlangskipet Ormen Lange i slaget ved Svolder i år 1000. Snorre Sturlason skildra i Heimskringla at det gjekk godt for kongen i slaget, heilt til Einar fekk øydelagd bogen sin. Det er ved dette høvet den velkjende samtala mellom dei to fann stad:

Olav spurde: «Kva brast så høgt?». Einar svara: «Noreg ut av hendene dine, konge». Kongen gav bogen sin til Einar som sa: «For veik, for veik er kongens boge». Kong Olav døydde i slaget, men ikkje Einar. Einar er ein gjennomgangsfigur i kongesogene. Han støtta danskekongen Knut den mektige mot Olav Haraldsson men var i England hos kongen under slaget på Stiklestad. Seinare skifta han side. Snorre skriv: Einar Tambeskjelvar var komin vestantil England heim til gardane sine, og hadde dei veitslune som kong Knut hadde lova han daa dei møttest i Trondheim, og de var mest eit jarlerike. Einar Tambeskjelvar hadde ikkje vori med i striden mot kong Olav, og han roste seg sjølv av dette. Einar mintest at kong Knut hadde lova lova han jarledøme yvi Norig, og at kongen hadde gjengi attpaa de han hadde lova. Einar var den fyrste av stormennene som heldt paa at kong Olav var heilag.

Han henta sonen til Olav, Magnus, til Noreg. I prinsippet var det Einar som i lange periodar styrte over store delar av Noreg, som den mektigaste hovdingen i landet. Han kom i konflikt med Harald Hardråde, og det blei endelikten hans. Harald tok livet av både Einar og sonen.

Einar budde mestedelen av livet i Trøndelag og er vidgjeten for styrke og dugleik med pil og boge. Mellom anna vert det fortald at Einar kunne skyta ei butt pil gjennom eit rått hengjande okseskinn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]