Einer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eine (Juniperus communis subsp. communis) i Nederland.
Eine, einer
Namn på andre språk
Norrønt Einir
Nordsamisk Reatká
Svensk En
Dansk Ene, Almindelig ene
Engelsk Juniper, Common Juniper
Tysk Wacholder, Gemeiner Wacholder, Heide-Wacholder
Fransk Genièvre, genévrier commun
Spansk Enebro, enebro común
Russisk Mozjzjevelnik obyknovennyj (Можжевельник обыкновенный), veres (верес)

Eine eller einer (latin Juniperus communis), òg kalla brake, brisk og sprake er eit litevore bartre av sypressfamilien med varierande vekstform. Eine har aromatisk, kompakt og sterk ved med bark av utprega baststruktur. Veden er veleigna til småhusflid. Einebær blir mykje bruka til krydder — særleg til viltrettar, pinnekjøt og til brennevinet sjenever (genever, gin).

Grein med mogne og umogne einebær.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eine kan anten ha form som busk eller tre. Planten kan bli opptil 10 meter høg, men er som oftast lågare. Rotplanten er fleirstamma og forgreiner seg nede ved bakken. Greinene peiker oppover, og krona er kjegleformet eller har søyleform. Eine kan også danna tuebestanda eller ha form som ein rund busk. På fjellet kan planten ha ei krypande form.

Nålene står i trekopla kransar om greina. Dei er harde og stikkande. Hannblomane er gule, hoblomane grønne. Planten ber små konglar som utviklar seg til mogne blå einebær i løpet av 2-3 år.

Planten er særbu med hann- og hunnkongler på separate individer. Frøene spres med dyr. hannblomstene er gule, mens hunnblomstene er 1-3 mm store grønne kongler. Begge blomstene står plassert i bladhørnene, normalt som særbu på hver sin plante.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Einebær er bruka som krydder i samband med viltrettar og pinnekjøt, og stundom òg i andre matrettar. Dei blir stundom brukt som smakstilsetting i brennevin. Sjenever (òg kalla genever eller gin) er smaksett med einebær.

Brekte pinnar av eine blir lagde nedst i gryta når ein dampar pinnekjøt blant ein del vestlandsfamiliar. Desse pinnane hjelper til å halde kjøtet ut av vatnet, og dei gjev i tillegg pinnekjøtet ein lett aroma av eine. Ein kan òg leggja til nokre einekvistar med bar og bær på for ekstra smak.

Husflid[endre | endre wikiteksten]

Eine er sterk, fleksibel og sein til å rotne og eignar seg dermed godt til tilverking av ulike reiskap og børnskap som lyt tola vêr og vind. På Nordmøre vart fiskekrokar av eine bruka til relativt moderne tid, og munnlege tradisjonar om dette vart nedskrivne på 1800-talet.

Rettvaksne, berkte eineemne eignar seg godt til staur. På grunn av liten tilgang på rette emne er det ikkje så vanleg å bruke eine til vanleg gjerdestaur, men einestaurar er tradisjonelt ein del bruka som hesjestaur, og dei er spesielt veleigna som kornstaurar.

Nokre stader på Vestlandet blir einekvistar tradisjonelt bruka til brakekledning — ein byggjeteknikk der eit rammeverk i stavverk eller bindingsverk blir tett utfylt med ein grov vevnad av uberkte einekvistar med bar. Brakekledning er mest bruka i samband med uthus som naust, løer og utløer.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Ettersom einer er ein vanleg busk i Noreg, har han gjeve namn til fleire stader i Noreg, som Briskeby, Einerhaugen og Enerhaugen. Planten har derimot ingenting å gjera med mannsnamnet Einar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]