Einevelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Einevelde eller absolutisme er namnet på styreforma i mange monarki1600-talet og 1700-talet, og i til dømes Russland i prinsippet til den russiske revolusjonen i 1917.

Frederik III innførte einevelde i Danmark-Noreg.

Eineveldet gjekk ut på at monarken i prinsippet hadde all makt, medan han eller ho tidlegare hadde måtta dele henne på eit eller anna vis med adelen/godseigarklassen. Anten ved at ei stormannsforsamling hadde noko av makta, som parlamentet i Storbritannia, eller ved at kongen måtte skrive under på ein slags kontrakt før han vart godkjend av adelen, som til dømes i Danmark-Noreg før 1660.

I eineveldet sin ideologi kjem monark-makta frå «Guds nåde», og dén kan det som kjent ikkje stillast spørsmål om. Spissformulert blir det da, som den franske einevaldskongen Ludvik 14. skal ha sagt, at «Staten, det er eg!».

I røynda hadde likevel ikkje einevaldskongane all makt. Dei var svært avhengige av omgivnadene sine, rådgivarar av ulike slag. Somme einevaldskongar var knapt i stand til å skrive sine eigne namn for skuld galskap eller fyll, så da seier det seg sjølv at det var krinsen rundt monarken som hadde makta, i slike tilfelle. Men alt måtte skje i namnet åt monarken, sjølvsagt. Ein rest av slik tenking finst enno i dag i Noreg, der det offisielt er «Kongen i statsråd» som har bestemt ditt og datt når regjeringa har vedtatt noko.

Innføringa av eineveldet var i somme land, som Danmark-Noreg, eit ledd i ein prosess med minking av adelsmakta og tilsvarande auke i borgarskapet si makt, med andre ord ein moderniseringsprosess. Eineveldet kunne såleis i ein periode fungere progressivt, historisk sett.

Men i det neste steget i denne prosessen, kvitta borgarskapet seg med både restane av adelsmakta og eineveldet (og i eit par land sjølve monarkiet) i dei borgarlege revolusjonane. Dette brotet var særleg tydeleg i Frankrike, sjå artikkelen om den franske revolusjonen.

I Noreg var det slutt på eineveldet i 1814, frå da har vi hatt konstitusjonelt monarki, det vil seie at monark-makta er avgrensa av ei grunnlov ut frå folkesuverenitetsprinsippet. I 1884 vart den borgarleg-demokratiske revolusjonen her i landet ført eit langt steg vidare med innføringa av parlamentarismen, før han vart fullført i 1905 med unionsoppløysinga. Etter det har monarkane hatt mesta berre symbolsk funksjon i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]