Einfrid Perstølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einfrid Perstølen
Fødd15. juni 1917
Ål
Død7. januar 2017
NasjonalitetNoreg
Yrkepsykiater
BarnOddrun Grønvik

Einfrid Perstølen (Grønvik) (15. juni 19177. januar 2017)[1] var ein norsk lege og organisasjonskvinne frå Ål i Hallingdal. Frå midt på 1950-talet busett i Oslo og frå 1968 i Asker i Akershus.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Einfrid Perstølen vaks opp i ein heim prega av vidsyn, innsatsvilje og eit breitt kultur- og samfunnsengasjement, der omsynet til samfunnet gjekk framom personleg føremon. Stikkord er norskdom, fråhaldssak, kvinnesak, frilyndt kristendom, og partiet Venstre. Mora, Dortea (fødd Høyholm, frå Vevelstad på Helgeland) var utdanna lærar og ei drivkraft i norskdoms- og anna organisasjonsarbeid.[3] Faren, Ola Perstølen[4] var skreddar, politikar og organisasjonsmann, og den første bokhandlaren i Noreg som dreiv forretning utanfor ein by. Inntrykka og verdiane heimanfrå har vore definerande for Einfrid Perstølen heile livet, både i det ho slutta seg til og det ho gjekk vekk frå.

Ho tok examen artium som privatist ved Voss landsgymnas 1937. Ho vart preseterist og vann dessutan prisen frå Fridhiov Oos' legat for beste hovudstil i norsk til examen artium det året. Einfrid Perstølen var med i styret til Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund (no Forbundet Mot Rusgift) i 1939 og i Studentmållaget sitt styre i 1940.[5] Ved krigsutbrotet slutta ho seg til dei norske styrkane i 1940 i saniteten ved Tonsåsen. Derifrå reiste ho til Skottland og var sanitetssoldat, sjukepleiar og student i Skottland og England 1940–1945. Ho har fått Deltakarmedaljen med rosett for krigsinnsatsen.

Perstølen var utdanna lege (hausten 1946) med spesialisering innanfor psykiatri og barnepsykiatri (begge frå 1959). Ho var gift (1946-1999) med kullkamerat og seinare spesialist i nevrologi Odd Grønvik (1918-1999), og dei fekk fire born.[6] Ho tok etternamnet Grønvik då ho gifta seg, men trega namnebytet og skifta namn attende til Perstølen i 1978.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Som lækjar hadde ho turnusteneste i Lofoten og etter det nokre år med variert sjukehuspraksis i Bergen og Oslo. Hennar interesse for psykiatri førte til tilsetjing ved Nic. Waals Institutt, som vart grunnleggjande i utviklinga av norsk barnepsykiatri og barnepsykologi. Ho deltok aktivt i utviklinga av faget også etter at ho i 1959 vart ein av dei første godkjende spesialistane i landet. Ho var assisterande overlege ved avdelinga for barne- og ungdomspsykiatri i Oslo helseråd frå 1961 til 1972. Frå 1972 praktiserte ho privat frå heimekontor.[2] Frå 1964 til 1975 var ho timelærar i barne- og ungdomspsykiatriske emne ved Pedagogisk institutt ved UiO. Ho var òg nytta som timelærar av Det medisinske fakultetet.

Frå midt på 1960-talet engasjerte ho seg sterkt i målsaka, og bidrog til nynorsk i media gjennom ei rekkje radiokåseri. Ho sat i styret i Noregs Mållag frå 1965 til 1967 og frå 1970 til 1971. I alle desse åra var ho også medlem i arbeidsutvalet, og i eitt av dei var ho også nestleiar. I arbeidet der var ho mellom anna ein viktig pådrivar for bruk av landsnamnet Noreg på offisielle dokument som pass, frimerke og på norske pengesetlar.[7] Hennar argumentasjon for språk, dialekt og identitet vart ein viktig mobiliseringsfaktor både for bruk av nynorsk og for auka bruk av dialekter på 1970-tallet. Sentralt her er artikkelen «Mål, sjølvkjensle og personlegdom» som er basert på landsmøtetalen ho heldt på Noregs Mållag sitt årsmøte i Målselv i 1967. Ho var med i ei eiga mållovsnemnd som bidrog til å forme Noregs Mållag sine innspel om den nye lova om målbruk i offentleg teneste som vart vedteken av Stortinget i 1980. Som varamedlem deltok ho aktivt i styrearbeidet i Dag og Tid i 1967–1968 og i 1977. I 1972 var ho med på å skipe Asker mållag og Medisinsk mållag.

Ho vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag i 1992.[8] Ho var medlem av Norsk språkråd frå 1976 til 1984.[2] Ho melde seg ut av kyrkja midt på 1950-talet og var medlem i Human-Etisk Forbund.

Barne-, ungdoms- og familiepsykiateren Einfrid Perstølen.[endre | endre wikiteksten]

Hans Olav Tungesvik, som sjølv var psykiater og leiar for Noregs Mållag frå 1965 til 1970, skriv dette om hennar virke som psykiater:

Einfrid var ein svært dugande psykiater, og ho hadde barnepsykiatrien som sitt hovudarbeidsfelt. Men ho var òg ein dugande vaksenpsykiater, som hadde si spesielle tilnærming til familieproblematikk. Ho lærte meg noko heilt grunnleggjande om nettopp dette, jamvel om vårt hovudsamarbeidsfelt var målsaka og ikkje psykiatrien.
Når ho hadde fått tilvist eitt eller fleire born frå ein familie til behandling, kalla ho inn alle medlemer av kjernefamilien for gjennom samtale med alle i grupper å finna fram til det ho kalla «den identifiserte pasient». Gjennom gruppearbeidet plukka ho så bort den eine etter den andre av familiemedlemene og trekte dei ut av gruppa, til ho sat att med den eller dei som trong mest hjelp. Der sette ho så inn terapien. Det kunne gjerne vera ein annan enn den som i utgangspunktet var tilvist til behandling, ja, det kunne vera ein av dei vaksne i familien.
Slik eg oppfatta det, var dette på ein måte eit pionerarbeid for Einfrid.
Det var innimellom språkforhandlingar og diskusjonar i Noregs Mållag me to i blant tok ein privat «psykiatri-prat», og det var då Einfrid sette meg inn i denne arbeidsmåten, som eg seinare mang ein gong har hatt nytte av. Skånevik, 31.10.16: Hans Olav Tungesvik

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bøker

  • Som dagane går : 40 radiokåseri (Fonna Forlag, 1980.)
  • Lått og leik. Songar, reglur, eventyr, segner og leikar frå Ål. Etter Margit Perstølen og to av sønene hennar, Ola Perstølen og Torleiv Perstølen. (Redaktør og utgjevar, eige forlag 1990.)

Artiklar

  • «Korleis skal ein møte tenåringar og foreldre» I: Norges Barnevern nr 7-8 1961
  • «Mål, sjølvkjensle og personlegdom» I: Syn og Segn 74, s. 220-224. Det Norske Samlaget 1968
  • «Tilbod til stoffmisbrukarar»  Kronikk i Dagbladet 2. mars 1971 (nr 51)
  • «Språk og velferd» I: Mål og makt. Ny politikk for nynorsken og bygdekulturen, Orion Debatt, Det Norske Samlaget 1971, s. 100-113.
  • «Over Nordsjøen i krigstida. Då mannskapet tok ansvaret og makta og avsette kapteinen» I: Jul i Hallingdal 1975, s 19, 36-37
  • Medisinsk journalskriving: rettleiing og journaldøme. (EP er ein av forfatterane). Hvalstad: Medisinsk mållag, 1979. 2. opplag. Bergen: Medisinsk mållag, 1987.
  • «Minne og målsvall.» I: Mål og Makt nr. 3–4 1980 (Studentmållaget i Oslo 80 år), s. 72–74.
  • «Skal me vera taktfulle eller seia det som det er?» I: Mot Rusgift nr. 41, november 1987.
  • «Ein endelaus strid. Om måljamstelling i statstenesta» I: Fornying og tradisjon Språkvern og språkrøkt 1972-1988. Norsk Språkråd / Cappelen Forlag, 1987 s 103-117
  • «Norsk medisinsk fagmål» I: Ord og mål. Festskrift til Magne Rommetveit 4.oktober 1988, Kringkastingsringen, 1989, s. 226-236
  • «Kvinner selv stod op og strede» I: Historien om Skottlandsbrigaden 1940–1945. Porsgrunn: Forlaget Grenland, 1997, s. 163–168
  • «Ola Perstølen» I: Dølaminne 2003. s 61.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Einfrid Perstølen, nm.no, 09.01.2017, arkivert frå originalen 12. januar 2017, henta 10. januar 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Einfrid_Perstølen» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Sjå Perstølen, Dorthea (i samarbeid med Trygve Wicklund): Drag or ei livssoge. Høgskulebladet, 1957.
  4. http://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/nynorskfolk/p/ola-perstolen/367/1101/
  5. Styret i NSUA/FMR 1904-2004, Styre i Studentmållaget 1900-2003 ved gamal.nynorsk.no
  6. Søre Villand (utflytte) ved villand.net
  7. 25 år med nynorsk 50-lapp Arkivert 2016-01-26 ved Wayback Machine. ved nm.no
  8. Heidersmedlemer Arkivert 2016-01-26 ved Wayback Machine. ved nm.no