Einhyrningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om stjernebiletet. For fabeldyret, sjå einhyrning.
Einhyrningen
Einhyrningen
Einhyrningen
Latinsk namn Monoceros
Forkorting Mon
Genitivsform Monocerotis
Symbologi Namngitt av J. Bartsch
Rektasensjon 7,15 h
Deklinasjon −5,74°
Areal 482 kvadratgrader
nr. 35 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Monocerotis (3,94. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +75° og −85°

Einhyrningen (etter latinsk Monoceros) er eit stjernebileteekvatorhimmelkvelvinga. Stjernebiletet vart definert av den nederlandske kartografen Petrus Plancius på 1600-talet. Det grensar til Orion i vest, Tvillingane i nord, Den store hunden i sør og Vasslangen i aust. Det grensar òg til stjernebileta Den vesle hunden, Haren og Akterstamnen.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Einhyrningen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Einhyrningen er eit stjernebilete som ikkje er så lett å sjå med det nakne auga, med berre nokre få stjerner av fjerde storleiksklasse. Alfa Monocerotis har ein visuell storleiksklasse på 3.93, noko meir lyssterk enn Gamma Monocerotis på 3.98.

Einhyrningen har likevel nokre interessante objekt ein kan sjå i små teleskop. Beta Monocerotis er eit imponerande trippelstjernesystem, der tre stjerner dannar eit triangel som verkar låst. Den visuelle storleiksklassen til stjernene er 4,7, 5,2 og 6,1. William Herschel oppdaga dei i1781 og sa «det er nok av det vakraste som er å sjå på himmelen».

Epsilon Monocerotis er ei stasjonær dobbeltstjerne, med visuell storleiksklassar på 4,5 og 6.5.

S Monocerotis, eller 15 Monocerotis, er ei blåkvit variabel stjerne og ligg i midten av NGC 2264. Variasjonen i storleiksklassen er svak (4.2–4.6). Ho har ei følgjestjerne med visuell storleiksklasse 8.

V838 Monocerotis, er ei variabel raud superkjempe, som hadde eit utbrot som starta den 6. januar 2002. I februar det året auka lyssterke med ein faktor på 10 000 på ein dag. Etter utbrotet var over, klarte Hubbleteleskopet å observere eit lysekko, som lyste opp støv kring stjerna.[1]

Einhyrningen inneheld òg Plaskettstjerna, som er eit massivt binærsystem, der den kombinerte massen er estimert til 100 soler til saman.

Planetar[endre | endre wikiteksten]

Einhyrningen har to exoplanetar i eitt planetsystem: COROT-7b vart oppdaga av COROT-satellitten og COROT-7c av HARPS frå bakkebaserte teleskop. Fram til Kepler-10b vart annonsert i 2011, var COROT-7b den minste exoplaneten som har fått diameteren sin målt, til 1,58 gonger jordiameteren. Begge planetane vart oppdaga i 2009.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Einhyrningen inneheld mange hopar og stjernetåker, mellom anna:

  • M50, ein open hop
  • Rosettåka (NGC 2237, 2238, 2239 og 2246) er ei diffus stjernetåke i Einhyrningen. Ho har ein samla storleiksklasse på 6,0 og ligg 4900 lysår frå jorda. Rosettåka, er over 100 lysår i diameter, og har ein tilknytt stjernehop med mange Bok-kuler i dei mørke områda. Ho vart oppdaga i 1880-åra av Lewis Swift og sidan Edward Emerson Barnard (1883) då dei leita etter kometar.[2]
  • Juletrehopen (NGC 2264) er ein annan open hop i Einhyrningen. Han har fått namnet fordi han liknar eit juletre, og er forholdsvis lys med ein storleiksklasse på 3.9. Han ligg 2400 lysår frå jorda. Den variable stjerna S Monocerotis representerer trestamma, medan den variable stjerna V429 Monocerotis representerer toppen..[3]
  • Kjegletåka (NGC 2264) er knytt til Juletrehopen, og er ei særs lyssvak stjernetåke med ein mørk, kjegleforma struktur. Stjernetåka har fleire Herbig-Haro-objekt, som er små irregulære, variable stjernetåker. Dei er knytte til protostjerner.[4]
  • NGC 2254 er ein open hop emd ein samla storleiksklasse på 9,7, 7100 lysår frå jorda.[5]
  • NGC 2261, eller Hubbles variable tåke, er ei stjernetåke med tilnærma storleiksklasse på 10, 2500 lysår frå jorda. Sjølv om ho er kalla opp etter Edwin Hubble, vart ho oppdaga i 1783 av William Herschel. Hubbles variable tåke vert opplyst av R Monocerotis, ein ung variabelstjerne innkapsla i stjernetåka. Stjerna har ein unik vekselverknad med materiale i stjernetåka, som gjer ho både til ei emisjonståke og ei refleksjonståke. Ein hypotese er at vekselverknaden er eit tidleg stadium av eit planetsystem.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  2. Levy 2005, s. 104.
  3. Levy 2005, s. 82-83.
  4. Levy 2005, s. 83.
  5. Levy 2005, s. 85.
  6. Levy 2005, s. 105-106.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Einhyrningen

Koordinatar: Sky map 07h 09m 00s, −05° 44′ 24″