Eininga sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sverdrup (etter oseanografen og meteorologen Harald Ulrik Sverdrup) er ei måleeining for volumtransport. Ho vert mest utelukkande nytta i oseanografi til å måle transport i havstraumar. Symbolet for sverdrup er Sv. Ein sverdrup svarar til ein million (106) kubikkmeter pr. sekund. Sv er ikkje ei SI-eining.

Nye studiar viser at vasstransporten i Golfstraumen aukar jamn frå 30 Sv i Floridastraumen til eit maksimum på 150 Sv ved 55. breiddegrad. Til samanlikning er avrenning av ferskvatn frå alle verdas elver rekna til om lag ein sverdrup.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]