Eino Kirjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eino Kirjonen

Statsborgarskap Finland
Fødd 25. februar 1933
Primorsk
Død

21. august 1988 (55 år)
Kouvola

Yrke skihoppar, boballspiller, langrennsløpar
Høgd 164 centimeter
Eino Kirjonen på Commons

Eino Einari Kirjonen (25. februar 193321. august 1988) var ein finsk skihoppar frå Björkö. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1961/62. Mellom 1955 og 1962 vart han finsk meister fire gongar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirjonen vart nummer to i nyttårshopprennet 1954 i Garmisch-Partenkirchen. Same plasseringa fekk han også samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka 1953/54, begge gongane var det Olaf B. Bjørnstad som toppa resultatlistene. Sidan i 1954 vart Kirjonen nummer to i Lahti-rennet, bakom den ferske verdsmeisteren Matti Pietikäinen. Kirjonen fekk to andreplassar og ein tredjeplass i renn under den tysk-austerrikske hoppveka 1954/55, men vart likevel nummer to samanlagt, 2,8 poeng bakom landsmannen Hemmo Silvennoinen. Seinare i 1955-sesongen vann han i hopprennet Lahti-spelen og fekk delt andreplass i Holmenkollen bak landsmannen Aulis Kallakorpi.

I opningsrennet i hoppveka 1955/56 delte Kirjonen sigeren i rennet i Oberstdorf med Kallakorpi. Han kom deretter på andreplass i Garmisch-Partenkirchen, etter dette rennet reiste dei finske skihopparane vidare. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo kom han på sjuandeplass, landsmennene Antti Hyvärinen og Kallakorpi sikra finsk dobbeltsiger. Kirjonen vart til sist i OL-sesongen nummer to i Lahti, poenget bak Silvennoinen og poenget framom Juhani Kärkinen.

Nyårsdag 1957 vart Kirjonen nummer to i Garmisch-Partenkirchen, like bakom Nikolaj Kamenskij frå Sovjetunionen. Rollene var omsnudd i Innsbruck, der Kirjonen tok ein klar siger føre Kamenskij. Kirjonen oppnådde 862,1 poeng i hoppveka 1956/57, og enda 0,7 poeng bakom landsmannen Pentti Uotinen som tok sin fyrste og einaste store hopptriumf. Same sesongen vann Kirjonen den finske meisterskapen i skihopping for andre gong. I Holmenkollen 1957 kom han på andreplass bak austtyske Helmut Recknagel. Kirjonen oppnådde to nye andreplassar i renn i hoppveka 1958/59; høvesvis Oberstdorf og Bischofshofen. Han vart i 1960 finsk meister for tredje gong.

I 1962 lukkast Kirjonen med å vinne den tysk-austerrikske hoppveka. Han vann rennet i Oberstdorf og sigra samanlagt med 865,1 poeng, nærare tolv poeng føre Willi Egger frå Austerrike. Same året vann han den finske meisterskapen for fjerde gong og kom på andreplass i Svenska skidspelen i Falun, men var heile 16 poeng bakom vinnaren Toralf Engan. Kirjonen deltok siste gong i den tysk-austerrikske hoppveka 1964/65 og vart nummer tolv i Garmisch-Partenkirchen.

Han døydde i Kouvola i 1988, 55 år gammal.

Plasseringar i ymse store meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Nr 2 i Garmisch-Partenkirchen og i Lahti
  • 1955: Finsk meister. Vinnar i Lahti. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1956: Vinnar i Oberstdorf og nr 2 i Lahti. Nr 7 i vinter-OL
  • 1957: Finsk meister. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 2 i Oberstdorf og i Bischofshofen
  • 1960: Finsk meister. Nr 4 i Lahti. Nr 17 i vinter-OL i Squaw Valley
  • 1961: Nr 6 i Lahti
  • 1962: Vinnar av hoppveka. Finsk meister. Nr 2 i Falun. Nr 12 i normalbakken i ski-VM i Zakopane
  • 1963: Nr 3 i Lahti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]