Einstape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einstape
Einstape
Einstape
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Underklasse: Polypodiidae
Orden: Sisselrotordenen Polypodiales
Underorden: Dennstaedtiineae
Familie: Dennstaedtiaceae
Slekt: Pteridium
Art: Einstape P. aquilinum
Vitskapleg namn
Pteridium aquilinum

Einstape (Pteridium aquilinum) er ein fleirårig art av bregnar i einstapeslekta. Der finst fleire underartar eller variantar, to av desse veks i Noregvanleg einstape og kysteinstape.

Einstape har opprette stilkar, manglar skjell på bladskafta, og har store blad som er mellom- eller bleikgrøne og heilt likeforma. Blada er 2-3 gongar finna. Den samla bladplata har trekanta form. Høgda er frå 40 cm og opp til 3 m. Sporehusa sit gøymde under bretten ytst på undersida av blada.

Vanleg einstape (P. a. latiusculum) er 40-120 cm høg, og har store, bleikgrøne eller klargrøne bladplater som er trekanta. Bladet gulnar tidleg på hausten, og er nesten horisontalt liggjande. Undersida er berre håra langs kanten og på midtnerven, med bretta ytterkant der sporane sit litt gøymde. Bregnen trivst på mager jord, hogstfelt, myrenger, skogbryn, skrentar, steinete ravinar, og bakkar. Han veks i tette bestandar som ofte tek over terrenget.

Kysteinstape (P. a. aquilinum) er 80-250 cm høg, har store trekanta bladplater, og står på mager kystjord, hei, glissen bjørkeskog og i lauvskog som er steinete og skrinn. Blada er mørkegrøne langt utover hausten, og noko opprette men samstundes litt lutande eller bøygde. Bladundersida er hårete, og den nedste primærfliken er kortare enn den nest nedste. Bladskaftet er ofte om lag berre 1/3 så langt som heile bladplata, med gulgrøne eller lysbrune ugreina stilkar opp til 1 cm i diameter nedst.

Økologi og bruk[endre | endre wikiteksten]

Røtene kan gå 50-100 cm ned i marka, og ofte øydeleggje arkeologiske restar i undergrunnen. Samstundes gir bregnane habitat for ei rad møll-artar, fluger og nokre fuglar. Også hoggormen trivst mellom dei.

Dei unge, krøllete skota kan etast som felehovud. Røtene har vore brukte av indianarar i Amerika mot parasittar og bronkitt. Plantane inneheld truleg kreftframkallande stoff, og vert ikkje lengre brukte i diettar.

Den viktigaste hindringa for spreiing av einstape er kulde og høg pH-verdi i jorda. Artane kan finnast i jord med pH-verdiar frå 2,8 til 8,6. Artane brukar allelopati – utsondring av kjemikaliar som hemmar eller heilt hindrar veksten til andre plantar. Einstape kan ta heilt kontroll over eit område etter skogbrann, og planten kan hemme andre plantar sin vekst sjølv ei tid etter at han er fjerna.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Einstape finst utbreidd i alle verdsdelar unnateke Antarktis, og i alle tempererte og subtropiske miljø. Unnataka er isområde, ørken og tropane. Einstape er ein av dei mest utbreidde artane i verda, og er funnen fossilt frå 55 million år attende.

Vanleg einstape går opp til 700 moh. på Hardangervidda og 840 moh. i Trysil. Planten veks vanleg i låglandet og elvedalane frå svenskegrensa til midtre Nordland, meir spreidd til Ofoten og isolert i midtre Troms. Underarten veks elles rundt den nordlege halvkula unnateke det austlege Nord-Amerika.

Kysteinstape veks langs kysten av Vestlandet frå Vest-Agder til Stad. I tillegg er der spreidde funn frå Grimstad i søraust til Aukra i nordvest. Denne underarten veks elles i Europa, rundt Middelhavet, og i Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]